Gamle samtalar frå gammal-vevsida

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

På den gamle vevsida hadde eg ei underside med samtaleutdrag frå IRC, MSN Messenger, e-post og DRV (den røynlege verda). Eg har grave i arkivet, og funne tre av dei.

Feil nummer

Den 03. februar 2004 skulle eg ringja til mora mi, som var på hytta. Eg kjente ikkje igjen røysta som svara, men det høyrte ut som ein ranværing som prøvde seg på svensk. Eg tenkte at det måtte vera nokon på hytta som prøvde seg på ein spøk, og eg var heilt med på den leiken:

– Ja, hallå?
– Hei.
– Vem är det?
– Nei, no kan du lura.
– Hallå? Vem är det?
– Kven du trur?
– Vem vill du tala med?
– Moderen i huset, sjølvsagt.
– Det er vel meg, det.
– Så hyggjeleg. Let meg presentera meg sjølv. Eg er ein handelsreisande, og namnet mitt er Simon.
– Eg vill inte ha nåt.
– Nei, eg sel ikkje noko. Eg kjøper.
– Kjøper? Vad kjøper ni?
– Eg kjøper ungar. Små ungar, helst mellom ni og tretten.
– Nej, det är inte sant.
– Jo, det er det. Eg betalar godt. I dag kostar eit barn rundt to kamelar, men eg samlar, so eg betalar gjerna tre.
– Nej, du skojar. Vem är det, och vem vill du tala med?
– Nei, eg kan godt prata litt med deg. Eg høyrer rykte om at du har to ungar i huset, båe i alderen ni til tretten.
– Dette är inte skoj! Vem är ni?
– Simon, har eg sagt.
– Simon? Vem vil du tala med, «Simon»?
– Med mora mi, vel.
– Jag trur ni har fel nummer.
– Er ikkje dette [telefonnummeret til mora mi]?
– Nej, [eit anna telefunnummer].
– Jøss. Eg må verkeleg beda om orsak, då. Eg trur eg har ringt feil nummer.
– Ja, det trur jäg med.
– Jaja, ha ein riktig god kveld, og ikkje gløym tilbodet mitt. Tre kamelar per unge.
[Samtalen vart brote]

Simon pratar med seg sjølv

Den 16. oktober 2004 var eg på arbeid. Eg arbeidde som reinhaldar, og vaska ein matbutikk før den opna om laurdagsmorgonen. Eg pla å vaska seint på fredagskvelden eller tidleg på laurdagsmorgonen, sidan eg då fekk vera i fred. Denne kvelden oppdaga eg at eg gjekk rundt og prata med meg sjølv der inne.

– Helvetes julebrus!
– Ja, jula kjem tidlegare kvart år.
– Me er jo knapt halvvegs uti oktober.
– Dei har julemarsipan òg.
– Dæsken, det er sant. Kvifor såg eg ikkje det?
– Du fortrengte det, sjølvsagt.
– Ja, det må det vera. På same vis som eg må fortrengja at ein Jar Jar Binks-fyr er med i Return of the Jedi.
– Huff, ikkje nemn det. Hmm. Kanskje eg må sjå Return of the Jedi når eg kjem heim. Eg har jo ikkje sett filmen med kommentarsporet på enno.
– Joda, det har du. Du reagerte på at det berre var Lucas, Burtt, Muren og Fisher som tala i det.
– Hmm, det er sant. Jaja, då var det kanskje ikkje så interessant.
[moppemaskinen starta å harka litt]
– Hrmf, kva er det no?
– Det er sikkert ein pappbit i innsugingsrøret.
– Fader, må eg stikka fingrane opp i den dritten?
– Ja, heller det enn å vaska heile butikken manuelt.
Eg (nynnande): «In the velvet darkness of the blackest night»
– Å, kor eg har høyrt det før?
Eg (nynnande): «There’s a light over at the Frankenstein Place»
– Rocky Horror Picture Show! «It’s astounding. Time is fleeting. Madness takes its toll»
– Eg undrast om eg stengte katta inne på rommet mitt då køyrte hit.
– Jaja, eg er ferdig om ein halvtime, så han har det sikkert bra.
– Jøss, eg talar med meg sjølv.
[på dette tidspunktet slutta den munnlege samtalen, men eg hadde framleis ein indre dialog. Etter ei stund tok eg meg sjølv i å nynna igjen]
– «Erotic nightmares beyond any measure and sensual daydreams to treasure forever». Dæven, eg fann femti øre i søpla!

Audhild på Kanal 24

Den 06. januar 2004 var Audhild Gregoriusdotter Rotevatn nett starta som nyhendeopplesar i radiokanalen Kanal 24. Eg er veldig glad i sendingane hennar, av di ho er den tøffaste mediepersonen eg veit om, og eg reiste til og med heilt til Bergen for å møta henne på Målstrid 2003 (ein konferanse som Norsk Målungdom skipar til kvart år. Rotevatn kunne diverre ikkje koma då, så eg har framleis ikkje møtt henne, men eg har von om å gjera det ein dag). I alle fall, denne dagen var både eg og «Truls» klar til å høyra den vakre nynorsken hennar på radioen. Klokka tikka mot 12.00:

– No kjem ho Audhild på radioen. Rett etter reklamen.

– Der kom ho 😀
– Eg skal slå på!
– FORT DEG!
– Hentar potetgullet!
– Ho sa namnet sitt.
– gaegaegsdfg. tilbod!
– Ho presenterte saka om nattopne barnehagar. Eg skreiv eit avsnitt om henne i teksten min. Eg har sett meg som mål å baka inn eit eller anna om henne i alle norskinnleveringene mine i år, så framt det let seg gjera.

– HAHA, ho kalla kongen for «Harald».

Kven treng vel fjernsyn når ein har radio? Teksten eg prata om var ei skriveøving i norskfaget. Ein einsiders heimestil, om du vil, med tittel Nyttårsforsett.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/gamle-samtalar-fra-gammal-vevsida/