Garfield

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Nei, nei og atter nei! Pusur skal ikkje… Jølle er ikkje… Jon har ikkje… *pes*, eg veit ikkje kor eg skal starta!

OK, fyrst: Jon med sosial intelligens? Eg kjøper ikkje den ideen. Her snakkar me om ein fyr viss idé om ein vellukka laurdagskveld er å sortera sokkeskuffa si. Dette er ein fyr som liker å ha spagetti på hovudet og låst som om han elskar å eta håret sitt. Filmen dreit i alt dette, og gjorde Jon til ein jordnær, normal og likande fyr. Berre ideen om at veterinæren Liz skulle vera venleg med honom er heilt absurd.

Eg sakna gliset mellom tennene til Arlene. Eg sakna at Arlene var rosa (i filmen er ho svart). Eg sakna sikkelet til Jølle. Eg sakna dei svarte stripane til Pusur. Det einaste som fungerte var Bill Murray som røysta. Eg kan ikkje tenkja meg nokon meir perfekt enn honom.

Dette viser det Sam Raimi og Bryan Singer forstod då dei høvesvis laga Spider-man og X-men: aldri rokk ved fundamentet!

Tuva Novotny hadde forresten røysta til Liz i den svenske versjonen (jau, eg måtte sjå denne òg då eg høyrte at Tuva var med). Jenta er flott, men det var diverre ikkje nok til å berga inntrykket mitt av Pusur.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/garfield/