Gratis nynorskkurs haust 2006

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Studentmållaget i Nidaros inviterer til nynorskkurs på Dragvoll den 21. og 22. november.

Tid: kl. 16.15–21.00.
Stad: Rom D7 på NTNU Dragvoll.
Pris: Gratis.

Ingar Arnøy frå Noregs Mållag kjem for å halda kurset, og skal gå gjennom dette:

  • Bakgrunnen for ein tospråkleg skriftkultur i Noreg.
  • Språkhaldningar og språkkonvensjonar
  • Generell mållære (grammatikk) i nynorsk, med vekt på typiske feil i nynorsk (a/e-verb, parverb, samsvarsbøying osb).
  • Den norske ordskatten: Til glede eller til meins for språklæringa? Korleis bruka dialekttilfanget i nynorsk?

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/gratis-nynorskkurs/