Gremlins 2: The New Batch

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Endeleg kom denne filmen på DVD. Den fyrste Gremlins-filmen vart utgjeve i 1997, men Gremlins 2 kom fyrst hausten 2005. Det er ganske lang ventetid viss ein hadde samla. Same kva, denne filmen hadde eg eit godt barndomsminne av, og eg tykte han var svært spennande då eg såg han for mange år sidan.

Billy Peltzer har trulova seg med den vakre Kate Beringer, og båe har flytta inn til New York. Her arbeider dei i ein stor skyskraper, i firmaet Clamp Industries eller noko sånt. Billy som arkitekt og Kate som omvisar. Ein dag oppdagar Billy at Gizmo, den søte mogwaien frå førre film, er i bygget. Han vil smugla ham ut, men vert forhindra på grunn av avdelingsleiaren sin. Han fortel Kate om funnet, og ber henne om å taka Gizmo med seg heim; men ho må hugsa på reglane: ikkje la Gizmo verta våt, ikkje la honom sjå sterkt ljos og for all del ikkje la han eta noko etter midnatt. Diverre er regel nummer ein allereie brote. Ein vaktmeister har nemleg, utan å vita det, sølt vatn på Gizmo, og resultatet er at rampeaktige mogwaiar vert fødd. Kate veit ikkje dette, men Billy oppdagar det når han kjem heim og ser mogwaien Kate tok med seg heim. Det er berre eit problem: klokka er snart midnatt, og dei andre mogwaiane har truleg funne seg mat. Viss det hender, kjem dei til å verta omforma til gremlingar innan soloppgong, og Kate og Billy må klara å stogga dei innan dei spreider seg ute i New York. Då vil nemleg alt vera tapt. Problemet er berre det at gremlingane har funne ei vasskjelde, og formerer seg snøgt. Som om ikkje det var nok, har dei òg funne eit gen-labratorium. Resultatet er nye gremlingtypar, mykje farlegare og meir rampeaktig enn før.

Huff og huff. Nok eit barneminne er øydelagt. Ungar er lettpåverkelege, og eg har tydelegvis vore ein unge sjølv eing gong. Før tykte eg at Gremlins 2 var ein av verdas beste filmar, men no ser eg at han er heilt forferdeleg. Urk, æsj, [set inn eit eller fleire onomatopoetikon for vanvørdnad her].

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/gremlins-2-the-new-batch/