Harry Potter and the Chamber of Secrets

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Harry er tilbake på Hogwarts i dette andre året ved skulen. Denne gongen med ei åtvaring i bakhovudet. «Du må ikkje dra tilbake. Eit komplott er satt i gong, og fæle ting kjem til å henda». Potter merkar fort at denne åtvaringa faktisk hadde noko i seg, for det skjer fort fæle ting. Harry og venene er som vanleg midt i det heile, og det er opp til dei å ordna opp.

Historia i denne filmen var litt meir interessant enn Azkaban-filmen, tykte eg. Men eg likte ikkje måten regissøren undervurderte filmtilskodaren. Eit konkret døme på dette er i den store kampscena mot slutten. Monstret som kan drepa med blikket sitt er hakk i hæl med helten, då Harry plutseleg snublar. Akkurat då kjem ein stor fugl flygande inn, og klorer ut auga til monsteret. Dette ser me heilt tydeleg, og me veit kva som skjedde. Monsteret har ikkje auga opne etterpå, og me ser klart og tydeleg at det renner blod frå dei. Me ser òg at monsteret vrir seg av smerte, og at det etterpå berre reagerer på ljodar. Med dette overskotet av informasjon, forstår me at Harry kan no sjå på slangen utan å omkomma. Jamvel følte filmskaparen ei trong til å leggja inn ein forklarande replikk: «That bird may have blinded the basilisk, but it can still hear you!». Den stemninga som nesten var der, vart med eitt brote, og heile oppbygginga med fuglen, monsteret og oppdaginga av at monsteret høyrer Harry vart bortkasta. Her kunne dei ha laga ein god film med ei relativt spennande historie, men dei ville at me skulle få alt inn med teskje i staden. Makan! Dette skjedde ikkje berre i denne scena, men går igjen gjennom heile forbanna filmen. Eg vart så arg då Harry prata høgt med seg sjølv medan han skreiv noko. «My name is Harry Potter», sa han høgt sams med at han skreiv det, trass i at kameraet faktisk såg rett ned på arket der det vart skrive. Kva i alle dagar var poenget med det?! Eg vert irritert når filmskapar undervurderer meg!

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/harry-potter-and-the-chamber-of-secrets/