Harry Potter and the Prisoner of Azkaban

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Harry Potter and the Prisoner of Azkaban tek for seg Harry Potter sitt tredje år ved Hogworth school of Wizardry, eller kva det no var skulen heitte. Det var ei magiskule, i alle fall. Ein fange frå Azkaban har rømt. Ein drapsmann. Ein grueleg farleg fyr. Sirius Black, heiter han. Eller noko sånt. Dei norske teksten kalla han Sirius Svaart, så det var litt forvirrande (Hogworth var Galtvort, Dumbledor var Humlesnurr, Ron var Ronny osb.). Harry får vita at lærarane trur at Sirius er ute etter ham. Det er vel stort sett heile historia, det.

Musikken var det einaste eg fekk godt med meg. Komponert av John Williams. Oskarnominert. Vandra nokre få tonar på Star Wars-melodien. Det var òg litt Indiana Jones i slangehula der. Resten av filmen var ganske keisam, og det var tydeleg at dette er ein film for ungar. Eg klarte ikkje å leva meg inn i historia, i alle fall.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/harry-potter-and-the-prisoner-of-azkaban/