Jaws

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Jaws er i skrivande stund nummer 84 på topplista til IMDb, Eg meiner at ein lyt vera kritisk til denne lista, og spørja seg sjølv kvifor filmane er der. Det må då vel vera filmar om haiar som er meir realistiske enn dette, eller? I alle fall, Jaws var ein braksuksess då han kom. Spielberg var ung, men hadde fått litt erfaring innanfor filmbransja. Han gjekk til produsenten av Sugerland Express (den førre filmen sin), og produsenten hadde eit utkast til ei historie, med bakgrunnsinfo og synopsis. På omslaget stod det JAWS. «Jaws?!», tenkte Spielberg. «What jaws? Is it a movie about dentists?»

I eit lite idyllisk øysamfunn vert alt gjort klart til sommarsesongen. Strendene er kvite og havet er friskt og vått. Berre ei lita veke unna nasjonaldags-helga, og øybuarane ventar på turistane. Turistar tyder pengar her, og det er pengar dei sårt treng til vinteren. Under dei blå bølgjane smyger det seg ein grå skugge. Ein skugge som drep folk i eit jafs. Politisjefen fryktar at det er ein hai i farvannet, og ynskjer å stengja stranda. Det er det siste borgarmeisteren og bystyret vil, av di dei er avhengige av turistpengane. Fyrst når ein ung gut vert ete opp, medan hundrevis av vitnar ser blodet spruta mot land, får dei gå til åtak mot denne mordarhaien. Dei hyrar inn ein haiekspert, som forteljar at det truleg er ein kvithai som har kome dit. Samtidig herskar hysteri på øya. Mora til den uheldige guten har nemleg annonsert i avisar rundt i landet, der ho lovar 3000 dollar til den som fangar og tek livet av haien, og det kjem bråkate tullingar med ganske tvilsomme fangstmetodar frå alle kantar. Dei fangar kjapt ein hai, men haieksperten ser at det neppe er den same haien. Etter ein liten obduksjon kjem mistanken til sin rett, og politisjefen tvingar borgarmeisteren til å langa ut 10000 dollar til den beste haifangaren i traktane for å fanga den verkelege mordarhaien.

Som i filmen Alien, får vi nesten ikkje sjå monsteret (altså haien). Dette gjer at sjølve vatnet vert skummelt, på same vis som romskipet i Alien er skummelt. Spielberg har nok henta mykje inspirasjon frå Creature of the Black Lagoon, men Jaws har samstundes ein eigenarta stil. Det hjelper ikkje så mykje når filmen er litt keisam. Eg er ikkje særskilt glad i hav, så scenene frå båten vert unødig langdryge for min del. Eg kan jamvel forstå korleis filmen vart så populær. Kevin Smith nemnar Jaws i alle filmane sine, og har parodiert eit par scener frå filmen.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/jaws/