Legally Blonde

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg var ein av dei uheldige som såg denne på kino då han kom. Då hata eg den. Eg såg delar av filmen då han gjekk på fjernsynet ein gong – eg kjem ikkje på kven eg såg han samans med, men tipper det var mamma. Eg likte ikkje filmen då heller. Så kva i alle dagar fekk meg til å gå tilbake til denne ein tredje gong? Svaret er at eg hadde ein gruppeoppgåve i exfac: «Gjer greie for og drøft [fenomenet roller] med utgangspunkt i eksempel frå kvardagslivet og frå minst to ulike kulturelle uttrykksformer», heita oppgåva, og mi gruppa tok utgangspunkt i studentrolla og kva som forventas av ein student. Me nytta mellom anna Nils Aas-skulpturen Studenten ved den Gamle Stad (som står midt i Nidaros), og filmen Legally Blonde. Eg kjem ikkje på kvifor me valde akkurat denne filmen, men det viste seg at det ikkje var eit så veldig dumt val.

Sidan eg hadde eit fast haldepunkt å sjå etter i filmen, vart han ikkje så ille som eg tidlegare har meint. Eg oppdaga mange nye ting med han som eg ikkje hadde tenkt på før. Mellom anna spelast songen Perfect Day under både tittelsekvensen og i siste scena, for å visa at Elle har endra seg. I starten er ein perfekt dag for henne å stella håret sitt, lakka neglane sine, nytta mykje tid på kleda sine og så bortetter. I slutten er ein perfekt dag å verta teke seriøst av professorar og medstudentar, men samstundes kunne vera seg sjølv. Ho prøvde fyrst å verta teke seriøst med å berre vera seg sjølv i klede og oppførnad, men dette gjekk ikkje. Då ho prøvde med eit kompromiss, med å nytta seriøse klede men ein «blond» tenkjemåte, opplevde Elle at ho berre vart teke tilsynelatande seriøst. Så lengje ho var i same rom, var ho godteke som jusstudent. Straks ho snudde ryggen til, flira dei av henne. Etter at ho oppdaga at professoren berre er ute etter den snertne rompa hennar, forstår ho at dette kompromisset ikkje held mål. Det ender difor med at ho er seg sjølv i ein jusstudentrolle, med kompromisslaust seriøsitet frå medstudentane og professorane.

Slike småting er nok til å gjera ein gjennomsnittleg film betre, og eg har til ein viss grad endra synet mitt på filmen. Han er faktisk gjennomførd ganske godt, og det er ikkje så mykje tilfeldig i han. Det er heller ingen som kan påstå at Reese Witherspoon spelte dårleg. Det er sikkert ikkje ei rolle det krev alt for mykje av å spela, men ho gjorde det utmerket lell. Eg klarer derimot ikkje å sjå det morosame i filmen, og det er kanskje dette som trekkjer ned. Eg finner ikkje tåpne «sorrority girls» morosame, og heller ikkje hundar med klede. Hadde slikt tåpskap vore borte frå filmen, ville han kanskje ha vore bra. Eg nøyer meg med å seia at han er heilt grei denne gongen.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/legally-blonde/