«

»

Pretty in Pink

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg tykkjer om tidstypiske filmar. Dei fungerer nostalgisk på enkelte, og røyndomsfjernt på andre. Pretty in Pink er ein tidstypisk film. Rosa klede, fæle hårfrisyrar, pupperock (Samantha Fox) og puddelrock (Europe) på alle topplister, Molly Ringwald… me er attende på åttitalet. Eg var ikkje gamle karen sjølv, så eg hugsar ikkje så veldig mykje av dette, men du og du det er morosamt å sjå på.

Diverre var kanskje ikkje Pretty in Pink den ultimate åttitalsfilmen. Men det er jamvel ein flott «teen movie», og i ei tid då «teen movie» er synonymt med ungdommar som har heit elskov med eplepaiar, er denne filmen ganske frigjerande og deilig å sjå. Det er berre synd at slutten er så dårleg.

Gje innspel