Serenity

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

2005 var eit skuffande kinoår. Batman Begins, Sin City, Mr. & Mrs. Smith, The Brothers Grimm, The Exorcism of Emily Rose, The Island… og Serenity var eit botnnivå.

Fyrst må eg seia at eg er mektig imponert over at filmskaparen klara å setja så mange passive karakterar inn i filmen. Ein karakter bør ha ein funksjon i historia, eller i det minste gjera noko i løpet av handlingsgangen, men her var det opptil fleire som ikkje gjorde ein dritt. Kva farsken var til dømes poenget med Inara-karakteren? I løpet av den alt for lange tida ho var med, klara ho berre å gå kvileslaust rundt og slengja frå seg dei mest tåpelege replikkane eg har høyrt. Det same gjeld for Zoe-karakteren, som riktignok var litt nyttig i kamp – men som likevel ikkje utgjorde noko forskjell for utfallet. Hadde desse vore borte, så hadde filmen kanskje vore eit lite hakk betre, men det er framleis langt igjen til å vinna godhug hjå meg.

Det svakaste med filmen er nok historia. Ei så tynn historie at du har alt av informasjon allereie etter dei fyrste ti minutta. Du mister ikkje noko av filmen om du går då.

I mange filmkritikkar av filmen, vert dei mange referansane til andre «science fiction»-filmar trukke fram som noko positivt. Dette tykkjer eg er litt tåpeleg. Ein film er då fanden ikkje god berre av di han har ein referanse til ein god film! Dessutan fungerte desse referansane heller dårleg. Star Wars-motivet med Han Solo er til dømes ei ekstrem overdriving. Mel-karakteren har ikkje ein støvkorn av den skjarmen Harrison Ford hadde som Han Solo. Det vert nesten det same som å samanlikna Jar Jar Binks med Yoda, berre av di båe pratar litt underleg. Huff! Vidare var det både Matrix, Minority Report, mykje Star Trek og så vidare. Diverre i så dårleg innpakking, at det er flaut på vegne av dei filmane som det vert referert til. Den einaste referansen som kanskje fungerer, er til Forbidden Planet (eit nummer som stod på eit øydelagt skip), men det er framleis ikkje grunn nok til å skryta av Serenity.

Humoren i filmen var påtatt og tørr. Vanlegvis småflirar eg i kinosalen når alle andre gjer det, men her klara eg absolutt ikkje å få meg sjølv til å smila ein gong. Eg såg filmen saman med ein frå klassen min, og heller ikkje han flira ein einaste gong. Vitsane var så utruleg dumme at sjølv Exorcist: The Beginning har betre humor.

Nei, denne filmen er nok berre for spesielt interesserte. For dei som kjenner Firefly-serien. Eg kjenner ikkje den, og eg fekk ikkje vidare lyst til å verta kjent med den etter å ha sett denne filmen.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/serenity/

1 comment

    • Simon on 21. januar 2008 at 23:38
      Author

    Då har eg sett Firefly, og Firefly var knall! Såg difor Serenity om att i dag, og det vart ein heilt annan film. Eg trekkjer att alt det negative eg skreiv om han, men kjem med ei oppmoding til dei som ikkje har sett han enno: Sjå for all del Firefly fyrst.

    (Eg meiner jamvel at det er ein veikleik når ein film ikkje kan stå for seg sjølv – også dei som er basert på ein fjernsynsserie.)

Comments have been disabled.