Stogg språkvandalismen – Kvifor ikkje Solsida?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I morgon, tysdag den 7. november, har Norsk målungdom ein nasjonal aksjonsdag. Denne dagen er ei gåve til Noregs mållag i høve 100-årsjubileumet deira, og målungdom i heile landet skal visa takksemd for dei 100 åra NM har kjempa for rettane til nynorskbrukarar ved å sjølv kjempa for ein lokal sak.

Studentmållaget i Nidaros har slagordet Stogg språkvandalismen denne dagen, og har tenkt å ha ein klistremerkeaksjon mot språkstygge plakatar, butikknamn og andre språkvandaliserte skilt rundt i byen.

Etterpå skal me retta fokuset mot eitt språkstygt namn: Solsiden Senter. Me meiner at Solsida senter er eit mykje betre namn på kjøpesenteret, sidan dette er språkleg nøytralt («sida» fungerer både på bokmål og på nynorsk), og er den forma som vert nytta i det lokale og regionale talemålet. Det er ikkje noka løyndom at trøndermålet er i ferd med å forfalla, og det er av di unge veks opp med butikknamn som «Solsiden». Dette fører til knoting. Ingen trøndarar sa «siden» før, men du kan høyra stakkars målforvirra ungdom prata om «siden» no. Språkforvirringa vil forverra seg. «Tida» til verta «tiden», «jenta» vil verta «jenten», og snart vil ikkje trøndarane ha hokjønnsord meir! For å stogga denne negative utviklinga, må me visa alle kva kjelden til slik språkrot er: skilt, føretaksnamn og andre tekstar til skue for allemann.

Gje di støtte i dag. Skriv under på oppropet.

Viss du har lyst til å aksjonera sjølv, så er det berre å møta opp anten på Dragvoll eller Gløshaugen for å få klistremerke, eller kontakta oss for å høyra når me skal nedover til Solsida. Viss du ikkje er i Nidaros, så kan du taka kontakt med ditt lokallag, eller laga ein aksjon sjølv.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/stogg-sprakvandalismen-kvifor-ikkje-solsida/