Studiemøte om EU og språk!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I morgon held Studentmållaget i Nidaros eit ope temamøte om EU og språk. Spørsmål for møtet vert:

  • Kva skjer med nynorsken dersom Noreg bli med i EU?
  • Kva for språkpolitikk har EU?

Me har fått tak i Trine Østereng frå Norsk målungdom, og ein representant frå Sør-Trøndelag Europeisk ungdom. Me vil gjerne ha eit ordskifte etterpå, og det er lov å stilla spørsmål.

Me byr òg på pizza til alle som kjem!

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/studiem%c3%b8te-om-eu-og-sprak/