The Conversation

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Dette er ein tidleg Francis Ford Coppola-film med Gene Hackman og Harrison Ford i sentrale roller. Eg hadde ikkje høyrt om filmen før eg såg han på pensumlista mi. I ettertid er det eigentleg litt rart å tenkja på, med ein så kjent regissør og så kjente skodespelarar til denne kvaliteten. Fyrst og framst er filmen eit lærebokdøme på korleis ein kan nytta ljod til å gjera mykje artig (og det er sikkert ikkje tilfeldig at vi såg filmen i ei førelesing om ljod). Filmen er òg ein ganske god spenningsfilm (kanskje litt utradisjonell spenningsfilm, men like fullt spennande), og ikkje minst eit godt innblikk i Coppola sitt regitalent. Eg får inntrykk av at det ikkje er tilfeldig i filmen.

Kva handlar filmen om? Dette spørsmålet fekk me stilt på gruppeundervisninga etter førelesinga. Tja, det kjem eigentleg an på korleis ein tolkar spørsmålet. Ein kan jo seia at det konkret handlar om ein fyr som arbeidar som overvåkar. Ein dag får han eit oppdrag som han vert for personleg involvert i. Dette er noko alle som ser filmen er einig i. Vidare handlar filmen om overvåking. Ein kan òg blanda inn meir abstrakte ting, som skillet mellom det private og det offentlege, om den menneskelige trongen til å snoka (me er jo nyfikne av natur – sjå berre på ein unge i eittårsalderen. Alt denne ungen gjer er å undersøka, snoka og finna ut av ting), om dei indre kjenslene som ingen kan taka frå oss sjølv i eit Big Brother-samfunn, eller noko anna heilt villt. Alt er i og for seg rett, men det er som sagt avhengig av kva som ligg i spørsmålet. Ein annan sak er at svaret òg er litt avhengig av kven som svarar. Ein i klassen min meinte filmen handlar om det å feila og det å gøyma seg bort. Dette er sjølvsagt ei vinkling som ein kan leggja i denne filmen, men kanskje ikkje det eg sjølv vil leggja i filmen.

Filmen handlar om at Harry Caul, spelt av Gene Hackman, arbeider som ein overvåkar på privatmarknaden. Han er ganske god på dette feltet. Han har ljodopptak frå stadar det ikkje er mogleg å taka ljodopptak frå, og er ettertrakta i bransjen. Folk betalar store pengar for å snoka. Me møter honom under eit oppdrag, eit opptak av ein samtale ute på ein open plass midt i folkemassen. Denne samtalen verker uskuldig, men ein profesjonell overvåkar ikkje bry seg med korkje kva som vert sagt eller kvifor. Den profesjonelle overvåkaren skal leggja alt arbeid i å få eit godt opptak, og ikkje nytta eit sekund på innhaldet i opptaket. Caul er ein profesjonell overvåkar, og bryr seg ikkje det støyt i samtalen. Når han skal levera bånda til oppdragsgjevaren, vert han møtt av ein assistent (Harrison Ford) i staden. Som den profesjonelle overvåkaren Caul er, vil han ikkje utlevera bånda til andre enn oppdragsgjevaren sjølv. Caul tek med seg bånda heim igjen, og småpussar litt videre på dei. Det er no han ved eit tilfelle snublar over eit par sekund der ein berre høyrer musikk. Frå oppdraget kan han hugsa oppdraget at det vart sagt noko akkurat der, og forsøker å renska opp ljoden. Caul gjer ein stor tabbe, og vert interessert i samtalen. Det skal visa seg å vera farleg.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/the-conversation/