The Descent

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

The Descent handlar om ein jentegjeng som plar å gjera ekstremsportsaktivitetar samans. Den eine kvinna hadde ein familie, men både mannen og dottera omkom i ei bilulykke for eit års tid sidan. Då jentegjengen gjenforeinast, skal dei dra på grotteferd. Dei har planlagt alt i minste detalj, og det er ikkje noko farleg som kan henda. Bortsett frå at dei hamnar i feil grotte. Ei grotte kor det bur noko farleg. Noko blodtørstig. Noko grueleg.

Filmen må ha vore ein billigproduksjon. Dette kjem fram allereie under tittelsekvensen. Tenk i retning av Photoshop-amatørar som leiker seg med linseeffekta. Greit nok, det var sikkert ikkje så mykje pengar til å laga ein betre animasjon, men denne såg fælt amatørmessig ut. Noko eg kunne finna på å ha i ein kortfilm.

Starten av filmen var veldig unødig. Kunnskapen om at hovudpersonen hadde mista familien i ei bilulykke hadde sikkert ein funksjon i filmen, men måten me ser at familien døyr på er veldig umotivert, og hadde ikkje ein annan funksjon enn å skvetta litt blod på kameraet. Scena tilføyer ikkje historia noko som helst, og står der heilt aleine berre for å skremma dei lettskremte.

Bortsett frå starten, såg det lengje ut til å vera ein god film. Spenningsoppbygnaden gjekk gradvist, og eg kjente klaustrofobien då grotteinngangen raste saman. Etter at den fyrste klaustrofobiske kjenslene var borte, vart me introdusert til eit nytt spenningsmoment. Det var noko som budde i grottene, men me veit ikkje kva. Ljodar, skugger og rørsle fortalde oss at dette kreaturet var skummelt. Og det var det – heilt til filmskaparane var så dumme at dei viste monstret i fullt ljos. Frå det tidspunktet av var filmen øydelagt. Tenk kor ille Jaws hadde voree om me faktisk hadde sett haien heile tida. Eller i Alien. Eg meiner at det beste skremselsverkemiddelet ein kan nytta, er fantasien til tilskodaren. Ikkje vis alt, men gøym monsteret i skuggene. Alien er skummel av di me aldri heilt veit kor xenomorfen er. Monsteret i The Descent var skummelt då vi berre såg konturane av det i skuggane, høyrte blodet dryppa frå munnen og såg dei dyriske rørslane det hadde. Men etter «den store avdukinga» gjorde ikkje filmskaparane noko forsøk på å gøyma det igjen. Framme i ljoset vart monsteret latterleg ikkje-skummelt. Det var berre stygt (minna litt om vampyr-vampyrane i Blade II i utsjånad).

Elles såg eg svært mykje liksap til filmen Alien 2. Nei, då meiner eg ikkje Aliens. Alien 2 er ein uoffisiel italiensk «oppfølgjar» til Alien. The Descent har både ei historie og ei handling som minner om Alien 2, og dei er utført ganske likt. Det er så mykje lik, at eg nesten skulle tru at filmen var basert på Alien 2. Viss ikkje, så er den tilfeldige likskapen svært skummel. Alien 2 handlar om at nokre grotteforskarar skal sjå på ei nyoppdaga grotte. Der finn dei ein xenomorf, av ein eller annan grunn. Xenomorfen gjer det ho gjer best, nemleg å drepa. Alien 2 er ganske billig, er ille tvers gjennom. Likskapen til The Descent er altså stor også her. Høgdepunktet i The Descent var ei feilomsetjing i tekstinga. «I’m a high school teacher, not fucking Tomb Raider», vart omsatt til «Jeg heter ikke Tom Raider».

Nei, denne filmen var ikkje noko serleg. Jamvel er eg takksam over at det faktisk kjem forsøk på originale spenningsfilmar; våte japanske jentelik har me sett nok av!

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/the-descent/