The Exorcism of Emily Rose

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I 1968 fekk den tyske jenta Anneliese Michel epileptiske plagar. Trass dette, starta ho ei lærarskuleutdanning ved Universität Würzburg i 1973. Sjølv om ho fekk medisinsk hjelp for dei epileptiske plagane, vart ho sjukare. Med kvart så sjuk, at ho trudde det budde ein demon i henne. Ho fekk fleire slike åtak, og med desse kom òg merkelege hallusinasjonar og andre hendingar. Anneliese Michel trudde ho såg djevlar og daude overalt. Ho trudde at demonane tok kontroll over kroppen hennar, og at dei tvang henne til å drikka sin eigen urin, eta kol og insekt, slengja seg gjennom vindauget, slå hovudet i veggen så hardt at tennene flaug. Prestane Ernst Alt og Arnold Renz utførte eit eksorsismeritual på henne, men det gjekk ikkje bra. Etter dette nekta ho dei å forsøka fleire gong, sjølv om tilstanden hennar vart verre og verre. Den 1. juli 1976 døydde Michel av plagane, og prestane var saman med henne Anneliese heile vegen. Staten gjekk til retten, og meinte prestane med si innblanding hadde utført eit uaktsamt drap; med argumentane om at dei hadde hindra Michel i å få medisinsk hjelp dei siste månadane i sitt liv. Rettsaka var svært kontroversiell, og både prestane og føreldra vart dømt. Utafor vart gravstøtta til Anneliese Michel eit religiøst reisemål, av di mange kristne meiner den dag i dag at ho faktisk var under påverknad av demoniske kreftar, og at ho er ein helgen som lot demonane drepa seg. Dei meiner at ved å gjera denne handlinga, har ho opna auga til mange folk om at det verkeleg finst eit helvete, og dimed også ein himmel og ikkje minst ein gud. Mange meiner til og med at ho hadde gud si hjelp til å komma seg gjennom dei gruelege tidane, og at gravstøtta hennar er ein stad med stor religiøs kraft. Slike ting er inspirerande. Det er skrive bøker om henne, og hendingane er inspirasjonskjelder for mange filmar. The Exorcism of Emily Rose er ein av desse filmane.

I filmen er det mykje som er gjort om. Her er det mellom anna berre ein prest, og jenta er amerikansk og heiter Emily Rose. Filmen startar rett etter dødsfallet, og tek for seg rettsaka mot presten. Undervegs får vi sjå tilbakeblikk, som stort sett viser at jenta anten hadde djevlar i seg eller var spik spenna galen – det lyt vera opp til kvar enkelt å avgjera. Enkelte ting er sjølvsagt overdrive på grunn av skvette-effekten, medan andre ting er utelatt på grunn av at dei var for ekle. Emily drikk til dømes drikk ikkje piss. Ho påstår òg at det er seks demonar i henne, og at den eine er sjølvaste Lucifer.

Eg hadde ei svært negativ kinooppleving med denne filmen. Det var eit kinopublikum frå helvete. Under heile opningssekvensen satt folk å flira, skvaldra og småprata, heilt til eg var så irritert at eg brøla ut «hold no kjæft, førr faen!» på breidaste ranværingsdialekt. Ikkje uventa vart det heilt stille i salen i eit heilt sekund, for så litt småfliring og litt kviskring («hehe, sjå den teite ranværingen») i omtrent ti sekund til. Så vart det stille, slik det skal vera. Det gjekk fint heilt til den fyrste skvettescena. Då starta heile gjengen å flira og prata igjen. Etter eit par kremt frå denne skribenten, vart det ganske stille igjen. Så, midtvegs under filmen starta galskapen. Folk knaska høgt på potetgull, kasta tomme popcorn-bøtter veggimellom, fekk SMS-meldingar, mobiltelefonar ringte høgt, og det var til og med dei som fanden meg svara på telefonsamtalen! «Jo, hei. Nei, eg er på kino no. Neida, du forstyrr ikkje, det er ein keisam film. Ja, eg skal…» og så bortover. Eg var heilt rysta. Med alle mobiltelefonljosa spreidd utover heile salen, pratinga og musikken frå telefonane, minna det meir om eit mislukka diskotek enn ein kinosal. Eg har aldri vore så forbanna på ei folkemengd før!

Kinopublikummet til side, så var filmen ganske lite naudsynt. Naturleg nok er The Exorcist målestokken for denne filmen, men Emily Rose når ikkje opp til Regan MacNeil. Ikkje var han noko serleg skremmande, og ikkje var han noko serleg nyskapande. Sjølvsagt var det litt godt å få amerikansk skrekk som ikkje inneheldte våte japanske jenter for ein gongs skuld, så hadde det gjort seg om dei hadde fokusert litt meir på hendingane og litt mindre på dei religiøse spørsmåla. Eg meiner, det er heilt uinteressant om advokaten trur på gud eller ikkje, når det er Emily Rose og eksorsismen det handlar om. Det er heilt uinteressant om jurymedlemma må stilla si religiøse side opp mot si rettsleg moralske side, når dette er ein skrekkfilm om kor fælt Emily Rose hadde det. Det er heilt uinteressant om kyrkja ikkje vil prata om eksorsisme, når filmen allereie heilt i starten fastslår at det er dette som har føregått. Dette får meg til å undra. Kanskje er ikkje dette ein skrekkfilm. I så fall vonar eg dei som stod for marknadsføringa fekk sparken!

Eg har veldig lyst å sjå Requiem, som er endå ein film inspirert av Anneliese Michel-historia. Denne skal visstnok handsama saka meir opp mot dei faktiske hendingane enn det Emily Rose gjorde.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/the-exorcism-of-emily-rose/