The First Nudie Musical

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Ein fantastisk tittel. Dette måtte vera ein skikkeleg sær film, tenkte eg, og ganske riktig, filmen er sær. Du finn vel neppe noko særare enn dansande dildoar.

Filmen handlar om ein fyr som driv eit filmstudio. Studioet har store økonomiske problem, og investorane har tvunge studioet til å produsera pornografi. No er det like før det er kroken på døra for filmstudioet, så eigaren forsøker å koma på noko som vil gjeva skikkelege pengar i kassa og dimed få lov til å laga stovereine filmar igjen. I rein desperasjon føreslår han at ein pornografisk musikal vil vera tingen. Då han fortel dette til investorane, ser dei sitt snitt til å ruinera honom og taka over studioet. Dei blar opp pengane han treng for å laga den fyrste pornomusikalen, med to føreutsetnadar: han skal nytta ein regissør dei peiker ut, og filmen skal vera ferdig på to veker. Problema let seg ikkje vente. Det er vel neppe ikkje så vanskeleg å forstå at pornostjerner sjeldan har song- og dansetrenging, og at ingen ordentlege songarar vil gå til pornofilmen. Han klarar jamvel å få samla saman ein gjeng med skodespelarar av lågaste rang, men neste katastrofa melder seg raskt i form av ein 23 år gammal «regissør» med null erfaring bak kameraet eller under under dyna.

Det er mykje som er ille med denne filmen. Du kan peika på elendig skodespel, tåpeleg historie, klønate regi og alt anna. Høgdepunktet vil då vera slutten – altså etter at rulleteksten er over, filmen stoppa og fjernsynet slått av. Dette er berre eit høfleg vis å seia at dette var makkverk på, og kvifor Cindy Williams og Ron Howard sa seg villige til å vera med her er utafor min forstand. Men så har jo nettopp tåpeleg historie, klønate regi, elendig skodespel og sånt ein heilt eigen verdi. Dette er kitsch!

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/the-first-nudie-musical/