«

»

Tromeo and Juliet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Romeo og Julie er nok Shakespeare sitt mest kjente verk, og har vore festa til film eit utal gongar (den beste filmtolkinga er etter mi meining Romeo + Juliet av Baz Luhrman, men West Side Story er òg ei god tolkning). Tromeo and Juliet er dimed berre ein av ei lang rekkje filmar basert på dette tekstmaterialet. Det kan vera litt kjekt å vita litt om filmselskapet som står bak filmen. Troma er kjent for sine filmar, med sine dårlege skodespelarar og svært overdrivne og blodige spesialeffektar. Eg har ikkje lyst å gå i djupnet av Troma, så eg siterer heller ein Troma-drikkeleik. Eg trur du vil forstå Troma utifrå dette:
«Styrt eit shotglas kvar gong:
… du ser ei brystvorte
… ein kroppsdel vert lemlesta.»

Handlinga er lagt til ein amerikansk storby rundt midten av nittitalet. Denne byen bur det to legendar innanfor pornobransjen, Que og Capulet. Desse lengendane kranglar valdsamt, og gjengane deira hatar kvarandre. Que sin son, Tromeo, er i eit forhold som er litt skralt for tida. Rosie, kjærasten hans, er invitert på ein kostymefest hjå Capulet, og Tromeo venene finner ut at dei skal snika seg inn dit slik at han får treffa henne. På festen får Tromeo vita sanninga om Rosie: ho er mildt sagt trulaus mot honom – og det med kven som helst. Litt deppa skal Tromeo til å gå, men det er då han oppdagar den fagraste jenta han har sett. Ho er så fager at tida står stille. Jenta får òg auge på Tromeo. Etter ein øm dans, vert Tromeo og jenta forelska, men gleda varar ikkje lengje. Ein frå Capulet-gjengen oppdagar Tromeo og dei andre frå Que-gjengen, og dei må flykta frå åstaden. I dette finner Tromeo ut at jenta er Juliet, dottera til Capulet sjølv. «My only love sprung from my only hate», seier Juliet med seg sjølv medan Tromeo laupar vekk.

Den replikken er kjerna i dette Shakespeare-verket, og i alle tolkningar eg har møtt, inklusive denne filmen. Historia handlar om desse unge forbode elskarane, som står på kvar si side av ein gjeng-krig. Men her stoppar lidenskapen, romantikken og all likskap til det klassiske verket. Frå no er det blod, gørr, incest, bisarr sex, avkappa fingrar, hjernemasse som tyter ut på fortauet, vaselin og sexleiker, lesbisk og jamngammal barnevakt, avkappa menneskehovud som fotball, vald, dop, fallos-monstre og barnemishandling. Kort sagt: Troma. Viss du er så djerv at du vil prøva drikkeleiken, så lyt du ha ein sjåfør klar til å køyra deg på pumping.

Gje innspel