Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Duoen Wallace og Gromit har fått ein spesiell plass i hjartet til folk over heile verda. Den tedrikkande, osteelskane og barnsleg naive oppfinnaren Wallace og den lojale og smarte hunden Gromit, som hamnar i merkverdige situasjonar stadig vekk. Dei har vore på månen og ete ost, dei har brukt vrange bukser og dei har gjeve hunden Preston ei tett barbering. Denne gongen fekk dei heile 85 minutt på seg, og det er imponerande. Gjennomsnittleg vart det dagleg ferdig tre sekund med film, så det må ha vore eit helvetes arbeid å få filmen ferdig. Prestasjonsangsten er nok mykje større på ein slik produksjon enn på ein vanleg film. Tenk om filmen vert skikkeleg dårleg, då har animatørane nytta fem år av livet sitt på noko heilt meiningslaust.

Wallace og Gromit har starta eit firma kalt AntiPesto, eit føretak som hanskast med skadedyr. I den vesle byen dei bur i, nærmar det seg den årlege grønsakstevlinga, og alle er heilt galne etter å passa på grønsakane sine. AntiPesto får mange oppdrag som går ut på å fanga kaninar, men Wallace og Gromit ar sjølvsagt ikkje hjarte til å drepa kaninane etterpå. Wallace har difor funne opp ein hjernemanipuleringsmaskin som skal hjernevaska kaninane til å ikkje lika grønsaker. Etter å ha nytta maskinen, hender det mykje underleg i byen. Grønsaksalarmane går av heile tida, og vitnemål om ein gigantisk monsterkanin kjem inn frå alle stadar. Det er opp til Wallace og Gromit å stoppa denne gigantiske kaninen.

Filmen er stappfull av humoristiske spark i sida til gamle skrekkfilmar. The Wolf Man, sjølvsagt, men òg King Kong, Dracula og Creature from the Black Lagoon får gjennomgå i denne filmen. Elles er historia veldig original, og eg flira høgt nesten kvart einaste minutt av filmen. Då eg kom ut av kinosalen, hadde eg vondt i magemusklane. Dette er ei enorm treningsøkt. Eg var litt redd for at filmen ikkje skulle leva opp til forventingane. Eg meiner, Wallace og Gromit er jo svært morosame, men dei hadde til no berre vore på skjermen 20 minutt om gongen. Ville ein film med 4-5 gongar lengda av kortfilmane klara seg like bra, eller ville ein kvelast av for mykje Wallace og Gromit? Om det siste hendte, ville det jo gå utover kortfilmane òg, og det hadde vore veldig dumt. Heldigvis klarte Nick Park og gjengen hjå Aardman å laga ein film som både held på Wallace & Gromit-tradisjonen, og som står på eigne føter. Ein fornøyeleg film, langt betre enn Chicken Run.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/wallace-gromit-in-the-curse-of-the-were-rabbit/