Wide Awake

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Dette filmen kom som ei stor overrasking på meg. Fyrst og framst på grunn av omslaget. På framsida er det eit bilete av ein litan gut i skuleuniform, som står oppå fire bind av Britannica, med hendene i lomma og eit lurt glis. Til venstre står Rosie O’Donnell med ein baseballhanske, ein ball og ei skuggelue på hovudet. Ho har lagt arma si på skulderen til den vesle guten, og har òg eit glis. I bakgrunnen er det grønt gress, og eit stort og flott hus. Midt på omslaget står det «WIDE AWAKE» med store bokstavar, og med litt mindre bokstavar nedafor står det «A Teacher with a killer fastball». Om ein skal dømma ei bok etter omslaget, så ville ein tru at filmen handlar om ei heilsprø baseball-lærarinne og ein gut som ikkje kan spela baseball. Øvst på omslaget står namnet på dei to skodespelarane: Joseph Cross og Rosie O’Donnell. Huff, tenkte eg, dette kan ikkje vera bra. Eg har framleis ikkje sett ein einaste komedie med Rosie som eg likte. Heldigvis viste det seg at Rosie nesten ikkje er med, og at utgjevaren tydelegvis berre har plassert ho på framsida for å lokka fleire sjåarar (eg fattar ikkje heilt logikken bak dette valet. Du plasserar då fanden ikkje Rosie O’Donnell på framsida om du har lyst å få folk til å sjå/kjøpa filmen). Det er som med Taxi 3, der Sylvester Stallone står med svære bokstavar på framsida, men er med berre dei fem fyrste minutta av filmen.

Wide Awake handlar om den vesle guten på framsida. Joshua A. Beal skal starta i femte klassetrinn ved ei katolsk privatskule for gutar. Han har nettopp mista bestefaren sin, og er litt trist. Han er lei seg av di han ikkje er så sikker på om det finst noko gud, og er redd bestefaren skal sitja aleine i himmelen. Joshua vil difor forsøke å finna Gud.

Dette er ikkje ein hysterisk komedie, slik som ein skulle tru av omslaget, men ein hjartevarm og småkomisk film om det å verta større. Skodespelarane er ganske unge, men imponerar svært. Dei er ikkje typiske barneskodespelarar, som ofte verkar litt for gamle for alderen sin. «I see dead people»-fyren, til dømes, er ein veldig flink skodespelar, men ganske dårleg som truverdig unge. Eg trur Shyamalan og studioet har plukka ut ungar som ikkje har noko skodespel-bakgrunn. Dette kan òg IMDb stadfesta.

Det som kanskje overraskar mest, er at det er Shyamalan som står bak regien på filmen. Folk trur at han er ein rein skrekk-regissør, av di dei berre veit om The Sixth Sense og Signs. Men kva med Unbreakable – dette er vel ikkje skrekk og gru, er det? Kvifor trur folk då at Shyamalan berre lagar grøss? Felles for filmane hans, er at dei alle handlar om å finna seg sjølv, på eit eller anna vis. I The Sixth Sense må Bruce Willis prøva å finna ut av seg sjølv ved å hjelpa Haley Joel Osment til å finna seg sjølv. I Unbreakable tvingar Samuel Jackson Willis til å finna seg sjølv, ved å stilla spørsmål om togulykka. I Signs, har Mel Gibson mista trua på seg sjølv og guden sin, men må finna tilbake til båe når han står andsynes rominvasjonen og alle spørsmåla det inneber. I The Village finner Bryce Dallas Howard ut alt om seg sjølv medan ho prøvar å redda Joaquin Phoenix. Og, til slutt, i Wide Awake går hovudpersonen på jakt etter Gud, men lærer noko om seg sjølv undervegs. Det er svært ulike filmar, men berre ein av desse kan vel reknast som skrekk-film. Signs kan sjølvsagt reknast som skrekk hjå folk som er lettskremte, men ikkje noko meir skrekk enn War of the Worlds eller E.T. for å seia det sånn.

I alle fall, det er ungane sitt perspektiv me har i Wide Awake, og det er på mange måtar ein barnefilm, men temaet er såpass alvorleg og tungt at eg vil ikkje plassera ein gjeng med ungar framfor fjernsynsskjermen. Eg trur nok at veslebrødrene mine ville forstått filmen, men ikkje viss dei såg han saman med venene sine. Kven du ser ein film med har mykje å seia for oppfatninga av filmen (eg trudde Scary Movie 3 var svært artig, sidan eg såg han saman med store Scary Movie-tilhengarar). Kanskje dette er den såkalte «Family»-videokiosksjangeren?

Filmen har, om ikkje anna, ei ung Julia Stiles. Filmen vart produsert i 1995, og er såleis debuttfilmen hennar. Ho var vel rundt 14–15 år gammal her.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/wide-awake/