«

»

Christmas in the Stars

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

«Oh my stars, I’ve never been so busy before. It seems christmas arrives sooner each year.» byrjar ein av tidanes beste jolealbum. Det er C-3PO, og han er heilt i ekstase no i adventstida. Han kan prata over seks millionar språk, og kan i tillegg syngja jolesongar! «Christmas in the stars, christmas in the stars. What a merry christmas this will be.»

Christmas in the stars

CD-en inneheld ein fin balanse mellom sentimentalt kliss og humoristisk tullball. «Everyone will have a cookie. I brought extra for the wookiee» balanserast med «R2, we love you. R2, merry christmas». Og når ein droide står under ein misteltein, kjem Chewbacca forbi og gjev honom eit digert wookieekyss!

Albumet inneheld desse songane:

  1. Christmas in the stars
  2. Bells, Bells, Bells
  3. The Odds Against Christmas
  4. What Can You Get a Wookiee for Christmas (When He Already Owns a Comb)?
  5. R2-D2, We Whish You a Merry Christmas
  6. Sleigh Ride
  7. Merry, Merry Christmas
  8. A Christmas Sightin ('Twas the Night Before Christmas
  9. The Meaning of Christmas

Song nummer 5 er ein kurositet i seg sjølv, sidan dette er den aller fyrste songen som Jon Bon Jovi spelte inn. Ja, du las rett, Jon Bon Jovi er hovudsongar på denne songen.

Gje innspel