Mandarinar til jol?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

«Eg har kjøpt ei svær eske med mandarinar til jol», høyrte eg på bussen i dag. Dette er sjølvsagt faktafeil.

Dei fleste på min alder eller yngre har faktisk aldri smaka mandarinar. Denne frukten har nemleg ikkje vore i sal i Noreg på over tjue år (med unnatak av hermetikk). Det personen på bussen hadde kjøpt, var ei svær eske med klementinar.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/12/mandarinar-til-jol/

2 comments

    • Ola on 13. desember 2006 at 18:58

    Nett dette stod om i Aftenposten i går òg. Det er bra å opplysa.

    • Simon on 14. desember 2006 at 9:10
      Author

    Tja, om sommaren kjem avisane med agurknytt, så kvifor ikkje klementinnytt no til jol? Tykkjer å hugsa at Dagbladet har hatt ein slik artikkel tre år på rad. Frukt.no tek for seg skilnaden mellom klementin og mandarin. Det same gjer Bama.no

    Skal me stogga bruken av mandarin, føreslår eg at me går hard til verks: kast ein klementin på dei som seier mandarin!

Comments have been disabled.