«

»

Apostrofkaos

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

«Simon´s vevside»? «Simon`s vevside»? «Simon's vevside»? Eller kanskje «Simons´…», «Simons`…», «Simons’…» eller «Simons'…»?
Nei, nei, nei! La oss fyrst sjå på dei fire teikna som er nytta her: ´ ` ’ '

  • ´ er lutande kile (akutt aksent), og markerer tronge sjølvljodar (vokalar) og trykk, jf. idé, lét og éin.
  • ` er attkeik kile (grav aksent), og markerer opne sjølvljodar, jf. lèt og òg.
  • ' og ’ er apostrofar. Teiknet ' finst til vanleg attmed Æ på norske tastatur, men teiknet ’ finst ikkje på desse tastatura. Du kan nytta det ved å tasta ALT+0146 i Windows eller CTRL+SHIFT+U+2019 i Linux. Enkelte teksthandsamarar endrar ' automatisk om til ’, m.a. publiseringssystemet for vevsidene mine.

Aksent står gjerne over bokstavar, ikkje mellom dei. Apostrof og aksent er ikkje det same!

Så, me veit at det skal vera apostrof, ikkje aksent. Men det er framleis feil å skriva Simon’s vevside eller Simons’ vevside. Apostrofen nyttast i to samanheng. Ein vanleg bruk av teiknet er for å markera at det manglar bokstavar eller teikn. Døme: «Eg og ’n fatter’n åt pizza i’elga». Apostrofen er med andre ord veldig kjekk å ha viss ein skal skriva ein veldig munnleg og slang-rik tekst, sidan teiknet gjer at teksten både vert lettare å lesa og forstå. Det hadde vore vrient viss det hadde stått: «Eg ogn fattern åt pizza ielga»

Apostrof nyttast òg som genitivsmerke, og det er her dei fleste feila er ute og går. Du skal ikkje nytta apostrof i alle genitiv-tilfelle. Det er fy-fy! Når du fyrst skal nytta apostrof som genitivsmerke, så pass på at teiknet kjem etter siste bokstav. Men når er det at du skal nytta apostrof som genitivsmerke? Regelen er ganske enkel: i ord som ender med S, X eller Z. Det vil seia at av di Simon ender på bokstaven n, vil det ikkje vera noko genitivsmerke etter s. Derimot når me talar om Aristoteles og Zaphod Beeblebrox, så kan me nytta apostrofen: Aristoteles’ skjegg, Zaphod Beeblebrox’ tredje arm. Mange uttalar apostrof i genitiv som «ses»: Aristoteleses skjegg, Zaphod Beeblebroxses tredje arm. Det passar ikkje å seie Simonses vevside.

Det er jamvel mykje betre å skriva om setningane framfor å nytta denne forma. Mange som skriv om frå bokmål til nynorsk nyttar ofte «X si/sin/sitt Y» for «X’ Y», altså «Aristoteles sitt skjegg». Dette er ikkje heilt feil, men det er mykje betre å skriva «Skjegget åt/til Aristoteles» eller «Skjegget hans Aristoteles». Bruken av garpegenitiv (si/sin/sitt) lyt venta til eit anna innlegg.

Språkrådet om aksentteikn og apostrof.

Gje innspel