«

»

Topp ti skeive filmar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Ein gjeng frå filmmiljøet i Nidaros hadde for ei stund sidan eit lite ordskifte om skeive filmar. Filmklubben køyrte ein serie med dette temaet, og det var mykje godt der. Sjølv liker eg best filmar der temaet ikkje treng å vera heilt i overflata, som til dømes i Brokeback Mountain (dette gjeld sjølvsagt med alle slags tema: politikk er t.d. best når det er forkledd som vitskapsdikting). Når det er sagt, er det mange filmar som gjer det og jamvel klarar å vera god. Eg har her lista opp dei ti beste skeive filmane eg veit om. (Minner om at listene mine, så vel som resten av innhaldet på denne veven, ikkje trengst å takast hundre prosent seriøst.)

10: Dracula's Daughter

  • Regi: Lambert Hillyer
  • Årstal: 1936
  • Ei fager, forførande og eksotisk kvinne kjem til byen. Menn faller som fluger, men denne mystiske kvinna vil heller sjå den nakne huden på nakken åt unge tenåringsjenter.

9: The Adventures of Robin Hood

  • Regi: Michael Curtiz og William Keighley
  • Årstal: 1938
  • Dansande og glade menn i tettsitjande strømpebukser. Dei bur saman i skogen, og er veldig glade i kvarandre.

8: Batman-serien til Burton

  • Regi: Tim Burton, Joel Schumacher
  • Årstal: 1989, 1992, 1995, 1997
  • Millionær-playboy i lakk og lær. Bur saman med ein ung gut. Båe har mange leikety, og dei går rundt i klede som står til kvarandre.

7: Rope

  • Regi: Alfred Hitchcock
  • Årstal: 1948
  • To unge homofile menn gjer det perfekte mord – trur dei.

6: Mulholland Drive

  • Regi: David Lynch
  • Årstal: 2001
  • Ein draum eller eit mareritt? Det får vera opp til deg å tolka, men filmen handlar om kjærleiken mellom to vaksne kvinner i Hollywood.

5: Wonder Boys

  • Regi: Curtis Hanson
  • Årstal: 2000
  • Homofili er ikkje eit stort tema i denne filmen, men eg vil taka han med på grunn av ei heilt fantastisk scene mellom Tobey Maguire og Robert Downey Jr.

4: Chasing Amy

  • Regi: Kevin Smith
  • Årstal: 1997
  • Lesbiske, homofile, homofobe og heterofile teikneserieteiknarar deler eit augeblink.

3: Dracula

  • Regi: Tod Browning
  • Årstal: 1931
  • Det bognar av sære forhold, fallossymbol og seksuelt usikre menn i denne filmen. Den er basert på den gotisk-erotiske romanen åt Bram Stoker.

2: The Rocky Horror Picture Show

  • Regi: Jim Sharman
  • Årstal: 1975
  • Fiskenettstrømpar, Eddie, rock'n'roll og søte Transvestittar frå Transeksuelle Transylvania. Velkomen til eit erotisk mareritt og/eller ein sensuell dagdraum du kan halda kjær til æveleg tid.

1: Mysterious Skin

  • Regi: Gregg Araki
  • Årstal: 2004
  • To gutar med eit sams barndomsminne. Den eine er mannleg homohore, den andre er aseksuell UFO-nerd. Kva hendte med dei då dei var ungar?

11 comments

Skip to comment form

  1. Freddy

    Hva med «Nightmare on Elm Street 2», «Troja» eller «Dude, Where’s My Car»

  2. Simon

    Tja, eg tykkjer ikkje at Troja eller Dude, Where’s My Car er skeive filmar, trass i at dei har eit par homofile karakterar. Og jamvel om Nightmare on Elm Street 2 i aller høgste grad er ein skeiv film, så er dette ikkje ein god film (ei heller dei andre to). Denne lista er topp ti, men viss du tykkjer at Nightmare 2 er ein betre film enn Mysterious Skin, så er du velkomen til å koma med di eiga liste.

    Heilt til slutt: eg tykkjer det er rimeleg å samanlikna Troja med Alexander, og den siste er kanskje hakket meir skeiv?

  3. Salt

    «The Rope» er basert på en sann historie der de to ugjerningsmennene var homofile. Men i filmen er de ikke det. D.v.s.Hitchcock har gjort det ganske genialt på den måten at man kan tolke det inn hvis man ønsker, uten at det på noen måte er tydelig på en slik måte at publikummet den tiden filmen blev laget kunne reagere negativt. Av de filmene du nevner på listen er dette den beste av de jeg har sett. «Dracula» er malplassert på denne listen.

  4. Simon

    Eg har ikkje høyrt om denne sanne historia, og tykte jamvel at det kom godt fram at desse to var homofile. Eg las ein stad at Jimmy Stewart-karakteren, gammallæraren, hadde vore elskaren deira, men nett dette kjem heller dårleg fram i filmen. Rope er ein spennande film, men ikkje den beste frå Hitchcock (eg held faktisk ein knapp på Marnie her). Lista er dessutan skrive med utgangspunkt i homofili-temaet, og difor kjem Rope attom til dømes Wonder Boys trass i at Rope på andre område er ein lagt betre film.

    Eg tykkjer Dracula passar godt inn:

    • Dracula gjekk til åtak på Renfield, og sette tennene i honom.
    • Renfield er openbert seksuelt tiltrukke til den kjekke grev Dracula.
    • Det er ei seksuell spenning mellom Van Helsing og Dracula. Kanskje har dei vore elskarar før, men sjalusien tok over den gode professoren, og han er no er han ute etter hemn.
    • Martin er sjukesyster, noko som var heilt uhøyrt for menn mot slutten av tyvetalet!
    • Staker, pålar og spisse tenner…

    … og mykje meir.

    Same kva, har du sett Mysterious Skin? Viss ikkje, så lyt du gjera det. Gregg Akari er ein spennande regissør med mange litt oversette og undervurderte filmar (to av dei går på Showtime, faktisk!), og Joseph Gordon-Levitt speler verkeleg godt i denne filmen. Eg tykte til og med at Michelle Trachtenberg gjorde ei god rolle.

  5. Salt

    Ang. Dracula gjør du en klassisk feil ved moderne lesning av gamle «tekster»: Å lese med moderne briller. Hvis du har sett stumfilmen «The Flesh and the Devil» fra 1926 (med Greta Garbo) vil vennskapet mellem de to ledende mannerollene sikkert slå deg som homoerotisk. (Ikke minst slutten). Men i en kultur hvor homofili er tabu og totalt «out of the question» kan man gå lenger i å skildre mannelig (evt. kvinnelig) nærhet uten at dette hverken menes som eller oppfattes som homoseksuelt på noen måte.
    Jeg er enig i at «Daughter of Dracula» går ganske langt i å antyde lesbisk tiltrekning, men så er jo kvinnelig homofili tradisjonelt mer akseptabelt. I «Dracula» vil jeg si at de eneste tydelige homoerotiske elementene er at Dracula jager vekk sine søstre for å ha Renfield for seg selv, og at denne blir hans «slave». Men igjen er det ikke slik det ble oppfattet i 1931, og det er viktig for hvordan vi skal forstå den også i dag.
    Ellers skal jeg følge din anbefaling og se «Mysterious Skin».

  6. Simon

    Eit internt memo under innspelinga av Dracula lydde om lag slik: «Ikkje syn fram at Dracula går til åtak på menn». Dette kom frå øvste hald, og det var nett av di dei tykte at teksten var litt for homoerotisk allereie. Hovudgrunnen til dette var sjølvsagt kjeldematerialet, boka, som utan tvil var av skeiv art.

    Ta til dømes kapittelet der Jonathan har kome fram til slottet, og står no og rakar seg i eit lite spegel. Greven kjem inn, men det er ikkje noko spegelbilete av honom. Greven er snar om å gripa spegelet og kasta det vekk. «It is a foul bauble of man’s vanity» seier han, og lèt gjesten sin vera i fred etterpå. Denne vesle hendinga er svært interessant, sidan den viser både Dracula og Jonathan i eit ikkje-maskulint ljos. Dracula er så forfengeleg at han ikkje tør å sjå seg sjølv i spegelet, og difor er det heller ikkje noko spegelbilete av honom meir. Når han ikkje kan sjå seg sjølv i spegelet, så hatar han at andre gjer det. Og kva gjer Jonathan? Jo, han fryktar mangelen av spegel meir enn han fryktar kva mannen utan spegelbilete kjem til å gjera med honom. For Jonathan er det verre å ikkje få raka bort skjegget sitt enn å truleg møta lagnaden sin.

    No vil det vera sjåvinistisk av meg å påstå at kvinner er meir forfengeleg enn menn, men då vil eg nytta argumentasjonen din: boka vart skrive i 1897. Forfengelege menn på den tida var unormal, sjuk, homofil. Boka er stappfull av forfengelege menn, og saman med mykje anna, er det ingen grunn til å ikkje tolka boka som homoerotisk. Vampyr-motivet handlar om seksuelle avvik. I dag vil ikkje homofili i like stor grad reknast som seksuelt avvik, men då boka vart skrive og seinare då filmen vart laga, var homofili mest like ille som nekrofili. Vampyrar var då symbolar på homofile.

    Eg må skyta inn at filmen baserer seg i større grad på eit billig skodespel på teater, og ikkje så veldig mykje på boka. Men det er vanskeleg å koma unna kjeldematerialet når det er så velkjend.

  7. Salt

    Det er interessante og relevatne punkt du kommer med, men det holder nok ikke for å føre filmen opp på en liste over skjeve filmer. Dét er den rett og slett ikke.
    Enhver film som kan ha et homoerotisk element kan jo da regnes som skjev, og da blir «skjev-film» begrepet så vidt at det ikke har noe meningsfullt innhold.
    Jeg benekter altså ikke dine ganske riktige observasjoner av homoerotisme, men du drar det litt for langt med en del av filmene på listen, og da spesielt Browning’s Dracula.
    Mannlig forfengelighet var forresten langt vanligere i Englands 1700- og 1800-tall, enn det er i dag, så det poenget faller også bort.

  8. Simon

    Tja, eg innrømmer at eg har drege det litt langt med Robin Hood, og delvis også Batman (men Batman er ein kultfigur i somme homofile krinsar), men Dracula held eg fast på.

    Det skal forresten ikkje vera apostrof ved genitiv-s. «Browning’s Dracula» er feil. Det skal vera «Brownings Dracula» (på bokmål, sjølvsagt. I nynorsk vil me helst ikkje ha denne garpegenitiven!). Unnataket er etter ord som sluttar på S, X eller Z: «Michael Curtiz» Robin Hood» (Aftenposten opererer òg med ord som sluttar på hysjeljodar: «David Lynch» Mulholland Drive»).

  9. Salt

    Jeg apostrofsyndet, og det må jeg bare beklage. Unnskyldningen får være at jeg skriver mer engelsk enn norsk i studiesammenheng for tiden…(den var tynn ja).
    Ellers får vi være enige om å være uenige ang. Dracula.
    Mener dog at det er mer korrekt å omtale den som en historie med homoerotiske elementer som er til dels tatt vare på i filmatiseringen ved Browning.

    Lag gjerne flere lister til debatt. Det var artig.

  10. Synnøve

    Apropos skeive vampyrfilmar, kva med Interview with a Vampire? Trass i det lolita-aktige tilhøvet mellom rollefigurane til Brad Pitt og Kirsten Dunst, er jo filmen gjennomgåande homoerotisk, tilliks med boka (ifylgje ei veninne av meg deler Louis og Lestat likkiste til dømes).

  11. Simon

    Sant, sant, den hamnar heilt klart i kategorien «skeiv». Og den er heller ikkje så dum ein vampyrfilm, i motsetnad til oppfølgjaren Queen of the Damned (makan til møker!). Og Dunst skremte vatnet av meg med hennes til dags dato mest interessante filmrolle. Ungar og dokker er mykje skumlare enn vaksne folk og monster på film.

    Kanskje vampyrfilmar skal vera mi neste liste?

Gje innspel