War of the Worlds

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I førre månad kjøpte eg DVD-en Jeff Wayne’s Musical Version of The War Of The Worlds: Live on Stage!. Som tittelen vitrar om, er dette eit opptak frå sceneoppsetnaden av «The War of the Worlds»-albumet til Jeff Wayne. Eg trudde ikkje eg hadde høyrt musikken før, men straks den gjenoppliva Richard Burton kom med replikkane sine, og «ooolaaaa»-hylet til marsbuarane ljoma i høgtalarane, så kjente eg den igjen.

Det slo meg då at eg har sett, høyrt og lese mange ulike versjonar av denne historia. Sidan ingen vevlogg er komplett utan ei topp ti-liste, har eg laga ei liste over dei ti beste WAR OF THE WORLDS-versjonane:

#10: War of the Worlds

Film regissert av Timothy Hines frå 2005. Denne filmversjonen er den einaste som er set i viktoriansk tid. Men filmen når ikkje heilt opp.

#9: War of the Worlds

Videospel frå 1979. Eg har prøvd ein PC-simulering av fargeversjonen frå 1982. Spelet er ganske likt klassikaren Space Invaders, men med marsbuarar i trikapslar i staden for flygande tallerkar.

#8: War of the Worlds

Fjernsynsserie frå 1988-1989. Er ein slags oppfølgjar til filmen frå femtitalet. Den fyrste sesong er knallgod, men sesong to var litt feilslått.

#7: War of the Worlds

Teikneserie gjeve ut både på veven og som blad. Gjeve ut av Dark Horse.

#6: Independence Day

Underhaldande film regissert av Roland Emmerich frå 1996.

#5: War of the Worlds

Film regissert av Steven Spielberg frå 2005.

#4: War of the Worlds

Radiodrama frå 1938 med Orson Welles i spissen. Skapte panikk då det vart sendt, då mange lyttarar trudde det var ei røynleg nyhendesending om ein invasjon frå Mars.

#3: War of the Worlds

Film regissert av Byron Haskin frå 1953. Flott, flott film.

#2: War of the Worlds

Konseptalbumet til Jeff Wayne. God tolking, og veldig god musikk.

#1: War of the Worlds

Romanen, opphavet, boka av H. G. Wells. Samfunnskritikk er artigst i vitskapsdikting!

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/02/war-of-the-worlds/