10 Things I Hate About You

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Ein gong Vegard og eg vralta rundt på Mo, peikte eg på denne filmen i ein platebutikk. Vegard braut ut «isj, «teen movie»! Sikkert noko piss». Denne holdninga er det nok fleire som har overfor tenåringsfilmar. Eg skulder på American Pie og alle etterlikningane som fulgte denne. Det finst gode tenåringsfilmar, og før American Pie handla dei sjeldsynt om å stikka kjønsorgan i bakverk. I den nemnte byturen svara eg Vegard med «neida, dette er på ingen måte ein dårleg «teen movie», men snarare ein heilt grei ein». Dette står eg framleis ved. Filmen er nemleg basert på ei veldig god historie. Historia oppstod gjennom aktivt samarbeid mellom penna, handa og hovudet åt William Shakespeare. Dette er nemleg ei nytolking av skodespelet The Taming of the Shrew av den kjende Bill S. Sjølvsagt tyder ikkje dette at filmen treng å vera god, men du har ein større forutsetnad på å ikkje gjera det dårleg når kjeldematerialet er godt.

Kat Stratford er ei sur, gretten og sær jente. Ei permanent premenstruell istispe, som ho vart omtalt så flott som. Den nye guten, Cameron, fallar allereie den fyrste dagen for den søte Bianca Stratford. Michael, omvisaren til Cameron, forklarar at Bianca er ikkje tilgjengeleg, men det stoggar ikkje Cameron. Det gjer derimot Herr Stratford, faren til Bianca. Dei har ein husregel: Bianca får ikkje gå ut med gutar med mindre systera Kat gjer det. Og Kat er jo ein mannshatar. Michael og Cameron legg planar om å betala Patrick Verona, den skumlaste guten på skulen, til å beda Kat ut, slik at Cameron kan beda Bianca ut.

Filmen tek for seg mange rollefigurar, men det er Kat og Pat som hovudhandlinga krinsar om, og er glimrande spelt av høvesvis Julia Stiles og Heath Ledger. Då denne filmen kom, var desse skodespelarane ikkje fullt så kjende som no. I dag er Stiles ei ettertrakta kvinne (med Mona Lisa Smile, Jason Bourne-filmane og nyinnspelinga av The Omen), og Ledger er godt på veg til å verta ei ny superstjerna i statane (med filmar som Brødrene Grimm, A Knights Tale og ikkje minst Brokeback Mountain). Det skadar heller ikkje at dei andre birolleskodespelarane glitrar like mykje. Både Susan May Pratt, Larisa Oleynik (som alle gutane i klassen min var så forelska i då ho hadde tittelrolla i fjernsynsserien «Alec Macks hemmelige verden», som gjekk på Midt i Smørøye for eit tiår sidan) og Larry Miller passar perfekt i rollene sine, og gjer 10 ting jeg hater ved deg til ei flott filmoppleving.

Men som tenåringsfilmar flest, kan du ikkje forventa å verta opplyst, få ei kulturell eller kunstnarisk oppleving eller noko sånt. Men det tyder på ingen måte at han ikkje kan vera god. Det finst eit utal «teen movies» som er både gode og underhaldande: The Breakfast Club, Ferris Bueller’s Day Off, Bill & Ted’s Excellent Adventure, American Graffiti, Cry Baby(!), Risky Business, Grease, Rebel Without a Cause, og så bortetter. Eg har ingen problem med å tilrå 10 Things I Hate About You.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/10-things-i-hate-about-you/