«

»

100 år er nok

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Unge Høgre har, ikkje uventa, i rein sedvane kasta seg inn i sidemålsordskiftet utan å vita heilt kva det er dei meiner. Dei vil ha ei betre skule, men i kjend sjølvmotseiande Unge Høgre-stil vil dei jamvel ha bort sidemål.

Ordet sidemål tyder ikkje «noko me kan setja til side etter me er ferdige på skulen». Hovudmål og sidemål går hand i hand. Hovudmål er ikkje viktigare enn sidemål, båe båe byggjer på kvarandre. Det er heilt absurd, idiotisk og svært lite gjennomtenkt å meina at me lyt gjera sidemål valfritt. Det vil vera nøyaktig det same som å fjerna algebra ut av matematikk, Newton ut av fysikk, verdkrigane ut av samfunnslære, periodetabellen ut av kjemi og så bortetter. Eit kvart tenkjande menneske skjønar at dette er ovleg tåpeleg. Om lag like tåpeleg som følgjande påstand frå vevsida til Unge Høgre:

100 år er ubehagelig lenge å pugge sterke verb i to versjoner av samme språk.

Nynorsk og bokmål er ikkje to versjonar av det same språket. Bokmål kjem frå dansk, eit austnordisk språk, og nynorsk er norsk, eit vestnordisk språk. Bokmål og nynorsk er like mykje to versjonar av same språket som det dansk og islandsk er. Altså ikkje nok. Sidemål handlar dessutan ikkje berre om å læra grammatikk i to målformer, men om medvit, samkjensle og identitet. Det handlar om språkhistoria, om å kjenna til målsituasjonen i Noreg i dag og forstå kvifor den er slik. Det handlar om å få nok kunnskap i båe målformene til å kunne gjera eit målval utan at sedvanen spelar inn. Du kan ikkje gjera eit faktisk val når du ikkje kjenner til kva du har å velja mellom. Det er viktig å vera medviten på kva målform ein nyttar, og sidemålet skal læra elevane dette. Når Unge Høgre støtt kjem med utspel om at sidemål berre er grammatikk, vitrar dette om ukunne om emnet. Argumenta deira er veike og gjennomsyra av sutring. Her er eit sitat frå eit straumbrev skrivaren deira sendte ut:

Unge Høyre er sterk tilhenger av at vi skal beholde to skriftspråk i Norge og verne om kulturarven, men vi vil gi den enkelte elev muligheten til å konsentrere seg om sitt hovedmål.

Eg veit ikkje kva som er mest latterleg: påstanden om at dei ynskjer om å verna kulturarva eller påstanden om at dei vil halda på båe målformene. Er Unge Høgre så ukunnige at dei ikkje forstår paradokset? Fjernar du sidemålsundervisninga, er du med på kulturell einsretting og språkdøydde. Sanninga er nemleg at utan sidemål, så hadde både bokmål og nynorsk for lengst vore hardt råka av anglifisering. Utan sidemål, ville elevar ikkje læra seg kor viktig språk er for identitet. Då ville elevane heilt tankelaust velja å nytta engelske ord og vendingar i daglegtalen. Me ser i dag ei spire til dette. Enkelte vil reagera på at eg seier det er ei spire. Dei tykkjer det er alt for ille at journalistar skriv anglisismen sofapotet i staden for den norske stovegris. Dei tykkjer det er skammeleg å sjå at Vegvesenet skiltar med farts dempere. Dei tykkjer det er vondt å høyra på at unge norske artistar alltid syngjer på engelsk. Og dei har rett. Det er ille, skammeleg og vondt, men nordmenn identifiserer seg heldigvis framleis med det norske språket. Denne spira me ser – og oftast i bokmålsmiljø, må eg skyta inn – er mogleg å trampa på. Sidemålsundervisninga gjer nett dette. Sidemål klarar ikkje å halda norsk klinisk fritt for import av ord, men stoggar veldig mykje. Ein konsekvens av å fjerna sidemålsundervisninga, vil tyda at me om femti år ikkje skriv norsk meir – korkje ordentleg norsk eller bokmål.

Det er dårlig gjort mot elevene som sliter nok med å lære seg hovetmålet sitt at de ikke får bruke mer tid på det, og det er dårlig gjort mot alle som heller kunne tenkt seg å bruke tiden på å studere noe annet

Ja, det er dårleg gjort at dei som sliter i hovudmålet sitt ikkje får meir hjelp, men det er ikkje på grunn av sidemålet at dei sliter! Ukunnige Høgre meiner her at elevar skal få meir tid til grammatikkopplæring i hovudmålet, og at grammatikkopplæring i sidemålet stoggar dette. Berre vrøl. Aktiv grammatikkopplæring i sidemålet skjer ikkje før på ungdomsskulen, og då skal grammatikken i hovudmålet allereie vera innlærd! Og det er eit trist faktum at alt for mange lærarar utsetjer grammatikken i sidemål til vårsemesteret av det tredje ungdomsskuleåret. Det desse kjensgjerningane viser, er at det nyttast alt for lite tid på grammatikklære i sidemål.

Det er dessutan ikkje ein einaste språkforskar i heile verda som vil påstå at meir språkopplæring tyder mindre læring. Faktisk er det tvert om. Du får langt betre språkforstand viss du lærer deg fleire språk, og dette gjeld både for norsk, engelsk, tysk, spansk, dansk, finsk, samisk, urdu, kinesisk eller kva språk det måtte vera. Ved å fjerna sidemålet, og dimed også grammatikkopplæringsdelen i denne undervisninga, vil alle elevar i Noreg verta dårlegare i hovudmål. Argumentet til Ukunnige Høgre seier mot seg sjølv. Og verre vert det:

I realiteten vil så godt som ingen bruke sidemålet sitt etter videregående.

Ikkje berre er dette eit veikt argument, men det er fullstendig feil. Alle statstilsette og tusentals andre føretak krevjer at du kan like mykje om båe målformene. Viss Ukunnige Høgre meiner at over ein halv millon er «så godt som ingen», så er dette grunn nok til ikkje høyra på dei.

I 100 år har folk som Ukunnige Høgre nytta mykje energi på å sutra om at sidemål er så dårleg i staden for å føreslå korleis me kan forbetra det. 100 år er meir enn nok sutring! Dette er pinleg av Ukunnige Høgre… som vanleg.

6 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Simon

    Eg skreiv dette innlegget mellom laurdag og sundag. På sundagskvelden viste det seg at kampanjeoppropet hadde vore utsett for søppel. I kjend ukunnig stil, sutra Unge Høgre om at slik «hacking» er sabotasje, la skulda på sosialistar, og kvekka om at dei vurderer å taka saka vidare. Eg flira godt då eg såg kva denne «hackinga» var. Nokon hadde lagt inn eit enkelt javaskript:

    window.location = "http://roedt.no"

    Dette er ikkje «hacking». Dette er dårleg programmerte netsider av Ukunnige Høgre. Viss dei tillet HTML og javaskript i tekstfelta, så må dei også taka følgjene av dette.

    I dag var det forresten denne kampanjen i radioen, både på P1 (mp3, 11,4 mb), P2 (mp3, 10,2 mb) og P4 (vevradio). Jens Kihl, nyvald leiar i NMU, vart intervjua saman med Torbjørn Røe Isaksen, leiar i Ukunnige Høgre.

    (Orsak for storleiken og lengda på mp3-filene, hadde ikkje høve til å redigera dei. Du lyt berre leita att og fram i sendinga)

  2. Simon

    Ta ein titt på http://www.spynorsk.net. Ny framside!

  3. Salt

    Det er nok slik i denne saken, at nynors-entusiastene har tapt kampen om virkelighetsoppfatningen. Å påstå at nynorsk og bokmål er to forskjellige sprog er rett og slett virkelighetsfjernt. Det er dessuten bortkastet energi. Saken er tapt. Ferdig med det. Get over it!

  4. Simon

    Har du i det heile teke lese innlegget mitt? Eller gjer du som Ukunnige Høgre og brustar med fjørene så snøgt nokon skriv om sidemål i positivt ljos.

    Berre ein bokmålsbrukar utan språkforstand og fagleg kunnskap vil påstå det du seier no. Alle andre veit at nynorsk og skrotmål er to språk.

    Språk er identitet, og er det noko som ikkje er bortkasta, så er det å kjempa for si eiga identitet.

  5. Vegard Thingvoll

    Jeg vedder 500€ på at Salt er under 15 år. Noen som tør vedde imot?

  6. Simon

    Eg tek det veddemålet! Eg studerte med Salt i Nidaros. 500 euro, takk 😉

Gje innspel