«

»

Blindpassasjer! DVD-slepp i mars.

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I 1978 viste NRK miniserien Blindpassasjer for fyrste gong. Jon Bing og Tor Åge Bringsværd stod bak manuset, og miniserien var den aller fyrste norske vitskapsdiktinga på fjernsynet. 29 år etter, og stoda har ikkje endra seg så veldig. Noreg lagar ikkje så alt for mykje vitskapsdikting, moglegvis av di det skortar på spesialeffektleverandørar her til lands. Men som Blindpassasjer viste, treng ein ikkje mykje spesialeffektar for å laga spennande vitskapsdikting.

Blindpassasjer handlar om mannskapet ombord på romskipet Marco Polo. Dei har vore på den nyoppdaga planeten Rossum, og ferda går no heimover. Medan dei ligg i dvale, viser det seg at dei har ein blindpassasjer ombord. Ein av mannskapet vert drepe! Men når dei vaknar oppatt, er alle fem framleis i live…

Blindpassasjer er litt spøkelseshus-skrekk og litt «whodunnit»-mysterium («kven gjorde det»). Det er litt festleg å tenkja på at Alien kom året etter, og hadde svært mykje sams. Bland Alien med The Thing, og du får Blindpassasjer.

Eg har send mange brev til NRK om å senda serien om att. Kvar gong har dei orsaka og sagt at dei ikkje har planar om å gjera det. Men no har NRK gjort ei brå vending, og til påska kjem serien ut på DVD. Endeleg! Oslo-buarar kan òg gleda seg over å sjå Blindpassasjer på Cinemateket den 30. mars, to dagar etter DVD-sleppet.

Blindpassasjer

Blindpassasjer er ikkje den einaste spennande DVD-sleppet i mars. Det er nemleg snart tid for ein ny runde med The Simpsons. Sesong 9 kjem den 21. mars.

Dette er sesongen då Homer og familien reiser til New York for å henta bilen deira som er ulovleg parkert midt mellom tvillingtårna. Rektor Skinner er moglegvis ein svindlar, og me får vita korleis Lisa fekk «saksomofonen». Apu er snart ferdig med ungkarsdagane, og Bart festar leikety til fjeset sitt med superlim. Denne sesongen inneheld episode nummer 200, der Homer vert sjef for renovasjonen i byen. Den klassiske episoden der Lisa oppdagar eit fossil av ein engel er med, og sameleis episoden med dei ville sexeventyra til Homer og Marge.

Frå episode 25 i sesong 9 av The Simpsons

Martin Sheen, Jay Leno, Helen Hunt og U2 er nokre av gjesterollene. Og den alltid fantastiske James Earl Jones er med i ein episode.

DVD-omslaget til sesong 9 av The Simpsons

Denne månaden får me òg mange filmar frå Wam og Vennerød. Fyrst ut er Det Tause Flertall den 14. mars. Adjø Solidaritet, Bryllupsfesten, Drømmeslottet, Lasse & Geir og Åpen Framtid lanserast den 28. mars.

Det er altså mange timar med underhaldning i vente. Og gjett om eg gler meg!

The Simpsons-bileta er © 20th Century Fox. Blindpassasjer er © NRK

Gje innspel