«

»

Det vårast

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Endeleg er eg ferdig med semesteroppgåva i det dumme, teite, ekle psykologifaget eg tek i år. Eg var ferdig tjuetre minutt før frista, men av di eg er student ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, så er me så moderne og travle at me nyttar einstavingsordet post i staden for det litt lengre tostavingsordet e-post eller det kjempelange trestavingsordet Internett. Post er mykje enklare å seia og snøggare å skriva – så då må det vel vera meir effektivt å nytta, ikkje sant?

Elles går 100 år er nok-kampanjen som det susar. Me er snart oppe i 100 namnetrekk no! Det er ikkje dårleg. Men eg må ut med peikefingeren no. Sjølv om eg tykkjer det er veldig hyggeleg at folk spreider lenkja til spynorsk.net, og serskilt til medlemer av eit visst ungdomsparti der ute til høgre i den blå skammekroken, så tykkjer eg ikkje at det er så veldig hyggeleg når lenkja vert spreidd på ekte boss-vis. Fleire gongar har lenkja dukka opp i kampanjeoppropet til dette ungdomspartiet. Eg vil ikkje at parodien min skal verta marknadsført på uhøfleg vis. Du eller de som har gjort dette, vit at det er ei bjørneteneste. Viss du/de vil hjelpa til, legg lenkja til www.spynorsk.net på di / dykkar eiga vevside, i signaturen på e-postmeldingar og på diskusjonsforum, send lenkja til venene dine/dykkar og så bortetter. Takk

I dag då eg gjekk med oppgåva til posten, var det varmt og godt ute. Det byrjar å sjå ut som vår. Ikkje sånn teit vår som i Nidaros – der det plutseleg kan vera heilt snøfritt ein dag og like plutseleg tjue centimeter neste dag – men at snøen minkar proposjonalt med at temperaturen aukar. Det er sol i dag. Det vårast. Då oppgåva var levert, var eg i så godt humør at eg nynna ein vårsong. Den einaste eg kom på i farta var frå filmen The Producers: Springtime for Hitler

Ein langt meir vårleg song er Flaumen går, men eg kan berre fire liner frå den songen: «Flaumen går, i Norig er vår, og dølann er det som rår.» og «Norskt mål vil me i Norig hava, inkje lenger med dansken kava». Dette er ikkje nok til å syngja heile vegen heim frå posten.

3 innspel

  1. Odin Hørthe

    100 år er nok-sida lyt hava ekte tekst og ikkje berre bilete. Eg likar å kunna markera teksten medan eg les, og ikkje minst trykkja CTRL++ for å få større tekst. Dessutan var skrifttypen vanskeleg å lesa, eg føretrekk mine eigne skrifttypar… :]

    Men han var stilig, sjølv um eg ikkje forstod alt.

    Raud skrift på blått burde vore straffa med fengsling, forresten.

  2. Simon

    Jau, eg laga sida i hui og hast, og gjorde ikkje så alt for mykje med henne. Eg ergar meg òg over skrift som bilete, og nyttar det ikkje elles. Men her gjorde eg det slik av di den skulle ha mest mogleg sams med det tullate opphavet. Men takk for innspela, eg skal sjå på det uti påska. Det er sikkert ei smal sak å fiksa dette.

    (Historikk-biletet har raud skrift av di eg gløymde å byta farge. Orsak. Skrifta skal sjølvsagt vera kvit, som i dei andre boksane)

  3. Vebjørn

    Haha, spynorsk.net vert berre betre og betre. Magalaust, som me seier i denne delen av landet. ;o)

Gje innspel