Flightplan

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Då filmen kom, fekk den strålande kritikk. Han vart samanlikna med Hitchcock, og ein stad las eg at «Jodie Foster sin karriere er redda», såg eg ein stad. Er det verkeleg endeleg ein god spenningsfilm på marknaden?

Kyle, ein flymaskin-utformar, har budd i Berlin med mannen og dottera si dei siste åra. Når mannen hennar plutseleg døydde i eit bisart uhell, skal dottera Julia og Kyle flytta attende til USA. Midtvegs under flyturen vaknar Kyle opp og oppdagar at Julia er vekke. Litt småforvirra etter luren, går Kyle for å leita etter dottera. Ho sjekker toaletta i nærleiken, men finner ikkje henne. Dottera er forsvunne. Fortvila går ho til flypersonellet og får hjelp frå dei. Men ingen har sett Julia. Det er faktisk ingen som har sett ho under heile flyturen, og folk byrjar å undra om Kyle har dikta opp dottera. Er det nokon som har kidnappa Julia, eller er Kyle galen?

I ettertid ser eg at filmmeldingane eg las var av dei mest entusiastiske. Andre stadar har filmen fått karakter 3. Dette tykkjer eg er ein snill karakter. Etter å ha brukt alt for lang tid på å byggja opp spenninga rundt spørsmålet over, knekkjer heile filmen saman når sanninga kjem. Men sjølv etter at sanninga er avsløyrt for publikum, går Jodie Foster framleis rundt og leiter etter svaret. Dei prøver altså å byggja opp meir spenning rundt mysteriet etter at det er avsløyrt! Dette fungerer ikkje.

Nei, fy og spy, dette var ein dårleg film. Det einaste interessante med filmen var Sean Bean, som spelte flykapteinen. Dette er den fyrste filmen eg har sett der han ikkje spelte ein skurkerolle. Bean er jamvel ikkje nok til å redda filmen, og er heller ikkje nok til å kasta bort tid og pengar på den.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/flightplan/