Jaws 2

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Studioet var veldig ivrig etter å laga ein oppfølgjar til Steven Spielberg-suksessen Jaws. Det er ikkje vanskeleg å forså kvifor. Filmen gav enormt mykje pengar i kassa, og griske studiosjefar ville ha endå meir. Spielberg ville ikkje vera med på dette, og var dessutan oppteke med Close Encounters of the Third Kind. Det same var skodespelaren Richard Dreyfuss, som i førre film spelte haiforskaren. Ein idé som kom opp var å taka for seg fortida til Quint (med andre ord filmatisera den store tala hans om krig, elende og haiar). Det vart ikkje noko om, og i staden fekk me ein ny film om øysamfunnet og Brody-familien.

Vi er attende på Amity. Det er sol, det er sommar og ingen pratar meir om haien som kom for tre år sidan. Politisjef Brody er jamvel ganske skvetten, og speidar kvar dag mot havhorisonten etter ei haifinne. Ein dag driver ein tom bår rundt rett utafor øya. Eit par dagar seinare eksploderar ein annan båt heilt utan videre, med folk ombord. Seinare dukkar det opp ein daud spekkhoggar på stranda. Den har svære bitemerkar i. Brody er heilt sikker på at det er ein ny gigant-kvithai i traktane, men borgarmeisteren nektar å høyra på honom … igjen. Ein dag trur Brody at han såg ein hai i vatnet, og han jagar alle opp på land og startar å skyta rundt seg. Han får sparken, men det viser seg jamvel at det er ein ny mordarhai i vatnet. Brody tek opp jakta. Han må det, av di det er livet til Mark og Sean, ungane han, det står om denne gongen!

Eg tykte ikkje det var ein like god film som den fyrste. Men han var jamvel overraskande spennande. Kanskje av di haien i denne filmen var endå mer gal enn i den fyrste. Greit nok, folk står ikkje på menyen til haiar, og dei plar berre å smågnaga litt på føtene og slikt rett og slett av di dei er nyfikne. Film nummer ein er eventyr, og haien i Jaws 2 er endå meir fantasi. Haien tek til dømes att ei jente på vass-ski, og et henne i eit jafs. Haien et til og med eit helikopter! Dettte er ikkje ein hai, men eit monster. Og dette er ein film, ikkje røynda. Monsterhaiar er difor ganske så spennande og underhaldande.

Eg flirte litt av handlingsreferatet til Statens Filmtilsyn: «Vi er nok en gang tilbake i den lille kystbyen Armin. Det har gått et par år siden byen ble forfulgt av en stor menneskeetende hai. Men plutselig en dag er den der igjen.»
Hehehe. Forfattaren kan umogleg ha likt filmen noko serleg. Kor enn kystbyen Armin er, så er den langt unna øysamfunnet Amity. Og om det plutseleg dukka opp ein hai ved kysten, så hadde det ikkje vore noko stor trussel mot byen, sidan kyststripa i Amerika er veldig lang.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/jaws-2/