Jaws 3-D

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

3D-filmar har mykje sams med fenomenet jo-jo: dei kjem attende i periodar. Med inntoget av fjernsynet, var filmstudioa nødt til å finna på noko som gjorde at kinoturen klarte å konkurrera med fjernsynssendinga. Ei av nyvinningane var 3D-filmar. Midten av femtitalet var difor høgtid for desse. Nokre gode, men for det meste berre makkverk (Creature from the Black Lagoon og Dial M for Murder er døme på to gode 3D-filmar, sidan desse òg er god sjølv utan 3D-effekta). Problemet var at folk fekk vondt i hovudet av å sjå dei. Tidleg på åttitalet var 3D-filmen på veg attende, men det tok ikkje heilt av. Rundt midten av nittitalet var dei attende nok ein gong (no også på fjernsynet, OL på Lillehammer til dømes). Etter ein pause på eit tiår, er det snart klart for ein ny runde. Denne gongen er 3D-teknologien vorte betre enn aldri før, og storfilmar som Titanic, Star Wars kjem snart i 3D. Eg tipper at me får ein ny 3D-topp i 2010-2012.

Same kva, den tredje Haisommer-filmen var ein av dei mange 3D-filmane. «The third dimension is terror» var slagordet. Det har gått nokre år sidan sist, og Brody-gutane, sønnene til politisjefen i dei fyrste filmane, er no vorte vaksne. Mark Brody er ingeniør ved vassparken Sea World i Florida. Veslebroren hans, Sean, er på vitjing. Noko fælt er kome inn i vasstankane. Ein diger kvithai lagar helvete på opningsdagen! Mark må følga fotspora til pappa Martin, og redda dagen.

3D-filmar får ofte ein utilsikta komisk biverknad om ein ser dei i vanleg flatvisning. Scener som er meint å skremma vettet av deg i 3D, ser ufatteleg dumme ut i 2D. Døme på dette er opningssekvensen, der vi ikkje heilt ser kva som føregår. Ein steinbit vert plutseleg drukna i sitt eiga blod, og når blodet er vaska bort, er det berre hovudet igjen. Hovudet er plassert på skjermen slik at det skal spretta ut mot deg i 3D-visninga, men ser berre teit ut elles. Filmen er proppfull av denne mislukka skvetteeffekta.

Elles ser haien like falsk ut som før, om ikkje meir falsk. I tillegg er det jo berre fem år sidan førre film, så kvifor er karakterane plutseleg ti-femten år eldre?

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/jaws-3-d/