Landsmøteveka

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I helga hadde den fantastiske ungdomsorganisasjonen Norsk målungdom landsmøte, og superflotte Studentmållaget i Nidaros stod for tilskipinga. Her er ei lita «dagbok» frå førebuingane og sjølve møtet.

Måndag: nykler og troll

I dag var siste frist for innlevering av sakspapir til landsstyremøtet. I går fekk eg plutseleg andsvaret for å skriva ein rapport frå filmnemnda eg sit i, og måtte gjera det i dag. Rapporten vart litt lang, men det lyt berre vera. Etter ein samtale med vyrde Ola på skrivarstova, vart eg påminna om at det var eg som skulle henta nyklene til hytta til Bondeungdomslaget i Nidaros. Landsstyret i målungdomen skal ha eit styremøte før landsmøtet, og då er det kjekt å ha ein stad å vera. Me har då fått leigd BUL-hytta, men fyrst måtte eg altså henta nyklene. Og det før skrivarstova til BUL stengte. Eg rakk det med ti minutt.

Tysdag: medlemsmøte

I kveld hadde me medlemsmøte i SmiN for å drøfta landsmøtesakar. Det kom diverre ikkje så mange, og det var berre folk frå styret. Men me fekk drøfta dei viktigaste sakane; lov- og tuftbrigde, arbeidsprogram og framlegget til nytt internasjonalt program.

Eg hadde samstundes med meg lagsskjortene SmiN har fått trykt opp. Dette var fyrste gong dei andre i styret fekk sjå skjortene, og dei tykte heldigvis at dei var tøffe. Mange fine fargar: turkis, burgunder, roserosa, isblå, solsikkegul, eplegrøn, sandbrun, hvetegul, skoggrøn og heilt vanleg raud. Me har ein karmodell og ein kvinnemodell, men det er berre fire fargar som dei har sams. Det er litt dumt. Eg tykte til dømes at roserosa var knalltøff, men den var berre i kvinnemodell. Og det er sikkert mange kvinner som tykkjer at isblå er knalltøft, men den har me berre i karmodell.

Motivet til skjortene er endå tøffare enn fargane. Dette seier eg ikkje av di det er eg som har teikna det, men av di det faktisk vart ei tøff teikning. Og godt er det, for eg har mest nytta fire månader på henne. Det hadde sikkert gått snøggare viss eg hadde hatt røynsle som teiknar, men det har eg ikkje. Sidan både lagsfolk og andre tykkjer at motivet vart flott, lyt eg vel vera stolt:

T-skjortemotivet til Studentmållaget i Nidaros

T-skjortemotivet til Studentmållaget i Nidaros

Onsdag: Umerkte rundkøyringar og sentralistar

I dag skulle Jens Morten og eg køyra opp mat til BUL-hytta. Sentralstyret i NMU var nemleg på veg opp hit til Nidaros. Jens Morten hadde fått lånt bilen til den vyrde leiaren vår, Siv, og me hadde handla litt brød og mjølk. Men det viste seg at å finna vegen opp til hytta var lettare sagt enn gjort. Det var fleire rundkøyringar oppi Byåsen enn det er i Mo i Rana! Og kva verre er: dei var meir eller mindre umerkte. Hadde dei eit skilt, så var det heilt inkjeseiande. «Sentrum», kunne det stå, eller «Heimdal». Det verste er at skilta peikte i alle himmelretningane og litt til. Me skulle ikkje attende til sentrum eller heilt ut til Heimdal, me skulle opp til Lian. Etter litt att og fram, fann me til slutt vegen til hytta:

BUL-hytta på Lian

BUL-hytta på Lian

Då klokka nærma seg ni, var me på togstasjonen og henta gjengen frå Oslo. Dei såg ganske slitne ut etter ein lang busstur. Dei hadde mykje med seg, og i staden for at nokre av dei måtte taka trikken for å få plass til alle ryggsekkene og øskjene, føreslo eg at eg ikkje vart med opp att. «Took one for the team», som dei seier på Mythbusters. Eg rusla inn på togstasjonen og kjøpte meg ei grillpølse med rå lauk og salsa. Og grovbrød. Sat ein liten halvtime på ein benk. Det er faktisk ganske interessant å sitja på ein togstasjon og berre sjå på folk. Mest av di eg veit at eg ikkje treng å stressa med å nå toget sjølv, eller skal sitja i ro ein halv dag.

Torsdag: det siste landsstyremøtet i perioden

Ja, då var det i gong for fullt. Etter å ha stått opp så tidleg at eg klarte å laga kø på badet, drog eg inn til byen. Frå byen tok eg Gråkallbanen opp til Lian. Dette er fyrste gong eg har teke trikken i Nidaros, sidan eg aldri har hatt noko å gjera i Byåsen. Sjølv om reisa opp til Lian gjekk snøgt – berre tjue minutt – så var det ein festleg og koseleg tur. Det virka som om storbyfolk òg tykte dette. Gråkallbanen er ikkje som storbytrikkar flest, men eit koseleg transportmiddel som tek seg god tid utan å vera treig. Her er kjem ein blid siddis fram til sitt siste landsstyremøte i perioden:

Vebjørn kjem med Gråkallbanen

Vebjørn kjem med Gråkallbanen

Eg tykte møtet gjekk unna i turbofart, sjølv om det var eit langt og tungt møte. Me tok opp dei siste justeringane på rekneskapen og årsmeldinga til NMU. Me innstilte òg på fråsegner som landmøtet skulle vedtaka eller avvisa. Me drøfta òg om replikkar skulle vera lov under landsmøtet, og under vedtaket gjekk det faktisk gjennom at replikkar skulle fjernast.

Jens Morten og eg har ting å gjera i morgon, så me tok trikken ned att i kveld. Resten av landsstyret og sentralstyret overnattar på BUL-hytta. Eg vonar det vert rydda opp skikkeleg i morgon tidleg, sidan hytta er utleigd frå ettermiddagen av. Men eg litar på at det vert gjort, så eg trur nok at eg får sova godt i natt.

Fredag: fyrste landsmøtedag

Då var me i gong. Vakna til ei hyggeleg melding frå Jens Morten om at eg ikkje trengte å dra til Dragvoll så tidleg lell, og tok det med ro. Me har leigd Brundalen Vidaregåande Skule, men hadde ikkje den før på ettermiddagen. Til då hadde me leigd eit rom på Dragvoll. Då eg kom opp dit, fann eg studentlagsskrivaren Elisabeth aleine på ein benk. Me gjekk opp til rommet me skulle vera på, og der var både NMU-skrivaren Ola og ein heil gjeng kjekk ungdom eg ikkje hadde møtt før kome. Akkurat då kom eit busslass med målfolk, både sentralistar, landsstyrelem og lagsutsendingar, fram til Dragvoll. Eg gjekk ned for å møta dei. Me vart møtt med mange artige blikk frå folk i kantina. Her flyttar folket inn på Dragvoll-låven:

Folket kjem

Folket kjem

Før møtestart var eg i utskriftstenesta. Sidan eg ikkje fann nokon prentar på Låven, var eg nøgd til å springa att og fram til datarommet Grava i bygg 10. Eg skulle mellom anna skriva ut seksti kopiar av årsmeldinga. Det høyrast kanskje ikkje så ille ut, men når eg nemnar at årsmeldinga er femten sider lang, ser du kan henda omfanget. Det vart 900 sider, og tok grueleg lang tid. Relativt sett, i alle fall, til snittlengda på utskrift i Grava. Eg gissar at eg er uven med halve Dragvoll no, med den køen eg skapte. Hehe.

Møtestart gjekk greit. Me hadde inkje større problem. Me fekk ein god opningstale frå noverande leiar, Synnøve Midtbø Myking, ein veldig kjekk helsingstale frå varaordførar i Nidaros, Knut Fagerbakke, og skikkeleg bra helsingstale frå Einar Måseide i Nidaros Mållag.

Landsmøte på Dragvoll

Landsmøte på Dragvoll

Men så hendte det fæle. Det gruelege. Det svært uventa. I januar tikka det inn eit framlegg til endring av tufta åt NMU (tuft kallast «prinsipperklæring», «politisk plattform» eller liknande av andre politiske organisasjonar). Framlegget gjekk ut på å fjerna heile avsnitt 3.5, som lydde slik:

3.5 Sjølvråderett

Norsk Målungdom meiner at alle nasjonar har rett til å rå seg sjølve. Me ser den norske målreisinga i samanheng med den striden andre folk fører for nasjonal og språkleg frigjering. Difor kan me stø nasjonar og folk sin strid for språkleg, kulturell og nasjonal sjølvråderett. Norsk Målungdom tek fråstand frå den statlege undertrykkjinga av dei nasjonale minoritetane i Noreg, og me vil framheva retten deira til å avgjera si eiga framtid.

Eg var i mot dette framlegget, og landsstyret hadde tilrådd å avvisa det. Heller ikkje utsendingane til SmiN var for framlegget. Av ein eller annan grunn har NMU ikkje noko i lovene som seier at lov- eller tuftbrigde må ha eit fleirtal på 2/3 aktive røyster, og denne endringa gjekk gjennom med eit knapt fleirtal. Eg er sjokkert, skuffa, trist, forvirra og svært overraska over at dette gjekk gjennom. NMU har plutseleg ikkje noko politikk slege fast i tufta om sjølvråderett, og dette kan tolkast som om me er ein hyklersk organisasjon som meiner at me har rett til å nytta vårt eige språk, men at andre nasjonar ikkje skal rett til å nytta sine eigne språk. Dette er heilt forferdeleg. I arbeidsprogrammet er det heldigvis kome framlegg om å setja ned ei nemnd som skal utarbeida ei ny tuft, og det er same kva mange som kan skriva framlegg til endring av den noverande tufta til neste år. Eg skal òg gjera framlegg om at lov- og tuft-brigde må ha 2/3 fleirtal aktive røyster for å kunne gå gjennom til det neste landsmøtet.

Då landsmøtet vart flytta over til Brundalen, vart eg att på Dravoll som sistemann. Me hadde ljodutstyr, sakspapir og mykje anna me måtte frakta til skulen, og difor måtte ein vera att og passa på dei attståande sakene medan dei andre vart frakta til skulen. Me skulle òg henta t-skjortene heime hjå meg. Då det endeleg vart min tur å flytta inn på Brundalen, var klokka nesten 23. Jens Morten tok meg med på omvisning. I dette hadde me visst klart å utløysa ein tyst alarm, og me fekk vitjing frå vektaren. Dette var ikkje ein bra start på Brundalen. No skal eg eta litt før eg finner meg ein stad å sova.

Laurdag: andre landsmøtedag

Det viste seg at eg hadde meld meg frivillig til å vera nattevakt. I gårkveld kom eg meg ikkje i seng før ho var nærmare to. Eg hadde òg gløymt å blesa opp madrassen, så eg sov ikkje godt. Klokka 4 stod Sigbjørn over meg og sa at eg måtte koma. Eg forstod ingenting, men gjekk med på førespurnaden hans utan å mukka. Fyrst då eg hadde stått opp, kom eg på dette med nattevakt-arbeidet. Dette kom til å verta ein lang laurdag. Heldigvis var eg ikkje einsam. Ulrikke frå Målsiddisane satt vakt samans med meg. Det starta å snø utpå morgonen, og temperaturen sank drastisk nede i kjellaren der sovesalane var. Klokka halv åtte gjekk me ein vekkjarrunde, og det var mange som var glade for at dei no snart kunne venta seg varm kaffi i staden for eit kaldt sementgolv. Resten var veldig skeptiske til å klatra ut av soveposene sine.

Mat!

Mat!

Etter frukosten gjekk me igang med møtet att. Fyrst ei innleiing om budsjett og etterpå om tillitsverv, før me gjekk vidare til framlegget frå landsstyret på nytt internasjonalt program. Ikkje uventa kom det mange innspel på paragrafen om EU, og det kom mange gode argument både for og mot dette. Sidan eg no nesten ikkje hadde fått sova over eit døgn, var det mykje eg ikkje fekk med meg. Landsmøtetalaren var Trond Trosterud, og me vedtok arbeidsprogrammet som vart drøfta i går. Heldigvis vart ikkje dei politiske prioriteringane endra, så NMU skal i år ha nynorsk i media som fyrsteprioritet.

Då møtedagen var over, klarte eg nesten ikkje å halda meg vakjen, så eg tykte det var like så greit om eg la meg nedpå ein liten time før landsmøtefesten tok til. Me fekk servert bakalao til middag, men ikkje den ekle, feite, vanlege retten med alt for mykje tomat i. Denne bakalaoen hadde ikkje tomat, og hadde ein overkommeleg mengd med fisk. Eg vart mett etter tre potetar. Desserten var is og kake. Skikkeleg kake. Ikkje noko «æ kainn bake»-ferdigprodukt her i garden. Eg veit ikkje kva kaka heita, men ho hadde sjokolade med ein herleg ettersmak av mynte. Kombinert med vaniljeisen og eit stykke marengs, vart kaka nesten eit måltid i seg sjølv. Etterpå fekk me vitjing frå Snaustrinda Spelemannslag. Sjølv om det langt på veg berre var tre-fire par på dansegolvet, var alle jamnt over einige i at dette var festleg.

Etterpå var det nemdsarbeid. Eg sat i nemnda for internasjonal program, og skulle tilrå vedtak eller avvising av framlegga som var kome inn i løpet av dagen. Midt under nemndsarbeidet dukka vektaren opp att. Denne gongen hadde det tause alarmen gått inne i bygget over førti gongar på kort tid. Det er tydeleg at det har hendt ein feil – anten menneskeleg eller teknisk – som har gjort at alarmen vart sett på etter klokka tolv. Sidan Jens Morten hadde gått for dagen, var det vel eg som hadde andsvaret. Kombinert med ei søvnlaus natt og alt for mange endringsframlegg på IP, vart alle alarmane litt for mykje for meg. Eg trur eg skal taka kvelden no.

Sundag: siste landsmøtedag

I natt var det kaldare på sovesalane enn i går. Det har snødd ti-femten centimeter, og det er ikkje mykje som liknar på at me for to-tre dagar siden nærmast hadde sumar. Me gjekk veldig snøgt gjennom vedtaka. Me godkjende økonomien, rasa i gjennom IP, og vedtok dette. EU-punktet vart ikkje fjerna. Så fekk me til og med eit nytt sentralstyre og eit nytt landsstyre. Sentralstyret står for den daglege drifta av NMU, medan landsstyret er det øvste politiske organet i organisasjonen. Av praktiske årsaker tek sentralstyret sete fyrst på sommarleiren. Ny leiar vert Jens Kihl, som no er organisatorisk nestleiar. Sjølv har eg sete i landsstyret i to år, og eg vart attvald til to nye år. Eg vart òg vald til ny valnemnd, og skal difor speida etter neste års styrefolk. Desse kjem til å leggjast fram på neste landsmøte, som skal vera på Voss. Det har landsmøtet i Nidaros vedteke i dag.

Eg har nett levert fotoapparatet eg fekk låna av Øyvind, og er sliten og trøtt. Men før eg kan leggja meg, må eg få gjort unna førebuingane til heimreisa. Eg tek nemleg påskeferie allereie i morgon. Det vert utruleg godt, det kjennes som om det har gått i eitt no sidan landsstyremøtet i februar. Men fyrst må eg hugsa å levera inn nyklene til BUL-hytta.

Ymse bilete

Bilete frå torsdag

Bilete frå torsdag

Odin

Flytting frå Dragvoll til Brundalen

Flytting frå Brundalen

Endeleg ferdig – Simon er sliten

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/landsm%c3%b8teveka/

4 comments

Skip to comment form

  1. Flott-flott! Visste ikkje eg var so hårete. Treng ein grundig klipp snart.

  2. Heldigvis står det om nasjonal sjølvråderett i det nye internasjonale programmet – det er jo ei trøyst.

    Trur elles på at du var trøytt, særleg av di du forveksla bokmålshølet Moss med den fagre nynorskstaden Voss 😉

    • Simon on 23. mars 2007 at 12:29
      Author

    Odin: Skal me tinga frisørtime samans? Trur eg treng ein klipp eg òg.

    Synnøve: Oj! Hehe. Eg skal retta opp med det same.

    • Jens on 29. mars 2007 at 16:12

    Send bileta i stort format til oss! Så får du dei kanskje med i neste Motmæle…

Comments have been disabled.