Monstrosity

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Nok ein vitskapsdikting frå DVD-boksen 50 Movie Pack: SciFi Classics. Denne boksen inneheld såkalte «public domain»-filmar, altså filmar som ingen eig rettane til lenger. Ofte er det av di ingen har lyst til å eiga retten til filmane, men det kan òg vera at dei som eigde retten er daud eller at nokon gløymde å skaffa retten til ein film (noko som er tilfelle for kinoversjonen av Night of the Living Dead). Desse filmane er lov å gjera mest kva du vil med, og er fullstendig lovlege å lasta ned (nedlasting er ikkje synonymt med piratverksemd same kva enkelte i MPAA trur). Fleire av filmane i denne DVD-boksen er tilgjengeleg frå Internet Archive.

Monstrosity har det klassiske «galen vitskapsmann»-temaet som er velkjent i vitskapsdikting (OK, nokon laga eit nytt norsk ord for . Vitskapsdikting er ein tungekrøllar).

Eldgamle fru March er livredd døden. Så redd, så redd; men ho er òg styrtrik. Eldgammal, styrtrik og redd for å dø. Ho har difor hyra ein vitskapsmann til å forska på hjernetransplantasjon. Doktor Frank (ein vitskapsmann som heiter Frank! Jøss, mon tru om han er galen?) har funne ut at ved å senda mykje frigjort radioaktivitet inn i hjernen på to individ, vil desse individa bytta hjerne på eit eller anna vis. Heilt utan at nokon må blø. Ideen er at Frank skal overføre hjernen til fru March inn i kroppen til ei nyleg daud ungjente. Til no har forskinga berre hatt moderat suksess. Frank har klart å overføra hjernen til ein hund inn i hovudet til ein daud mann, men av di nervesystemet hadde råtna, er resultatet ein varulvliknande skapning. Det same problemet oppstod med ei jente, trass i at ho døydde berre nokre få timar tidlegare. Løysinga er å få tak i ei levande jente. Fru March hyrar dimed tre unge jenter som hushjelp. Vel, det er i alle fall det dei trur. Eigentleg er det for at March skal få velja ut den nye kroppen sin. Jentene fattar snøgt mistanke.

Eg er skremd! Ei åtti år gammal kjerring som glanar og tafsar på lår, rumpe og puppar til tjue år gamle jenter. Det erotiske lesbemotivet vert aldri det same att. Filmen er i skrivande stund på plass nummer 55 på botnlista til IMDb. Ikkje utan grunn. I motsetnad til ein del av dei andre filmane i denne DVD-boksen, var denne berre keisam.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/monstrosity/