«

»

Reklamefri Messenger

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg er ein passiv Messenger-brukar. Det vil seia, eg har programmet installert, og loggar på no og då. Men etter seinaste programoppdatering vart eg sint. Det var reklame over alt! Eg har lengje hatt MsgPlus! installert. MsgPlus! er eit programtillegg som har mange kjekke funksjonar. Eller, det vil seia det hadde det. Fyrste gong eg installerte det, var det for å fjerna reklamen. Ein kjekk funksjon som kom med, var at eg kunne redigera namna i kontaktlista, slik at eg slapp slike namn: «KooZZZZ <3 :D:D:D:D:D!!!!!!!!!!!!!!!». Då MsgPlus! fjerna reklamefjernaren, truleg etter ei vitjing frå Micro$oft-advokatane, tenkte eg at eg godt kunne leva med reklamen. På dette tidspunktet var reklamen berre i kontaktlista. Og den kjekke namne-funksjonen til MsgPlus! likte eg veldig godt.

Kontaktlista i Messenger med Apatch

Samtalevindauget i Messenger med Apatch

Då MSN Messenger vart til Windows Live Messenger, var denne namnefunksjonen innebygd i programmet. Det var diverre òg reklame i menyane, reklame i kontaktlista, reklame i pratevindauget, reklame, reklame, reklame, reklame, reklame, reklame og reklame. MsgPlus! hadde ikkje nytteverdi meir for meg, så eg fjerna programtillegget. Eg har no funne eit nytt program som fjerner reklame. Det kallast A-patch, og i motsetnad til MsgPlus! som berre styrer minnet til Messenger, endrar A-patch på kjeldekoden til Messenger. Dette tyder at programmet er ulovleg. Vel, eg ynskjer å utøva litt sivil ulydnad no, og oppmodar alle om å fjerna reklamen i Messenger. Det får då vera måte på kor nedsøpla me skal vera!

Kontaktlista mi har aldri vore så flott og ryddig. Med Messenger har eg fjerna alle bråkete tullenamna, og med A-patch har eg fjerna reklamen og alle dei dumme knappane eg aldri nytta. A-patch fjerner òg den setninga etter kallenamna om du ynskjer. Eg tykkjer setninga godt kan stå i pratevindauget, men det ser ufatteleg bråkete ut når ho står etter kvart namn i kontaktlista. Bort med henne! Jau, A-patch fjerner sjølvsagt reklamen!

Herlegdommen stoggar ikkje der! A-patch gjer pratevindauget mykje finare. Bort med fjesing-knappane, bort med wink-knappane, bort med alt sånt. Og sjølvsagt bort med reklamen òg! Bort, bort, bort!

Den noverande versjonen av A-patch inneheld mange funksjonar:

  • Remove Windows Live Logo
  • Remove "Messenger" Title
  • Remove Display Picture Container
  • Remove Personal Message Bar
  • Remove E-mail Button
  • Remove Sharing Folders Button
  • Remove My MSN Space Button
  • Remove Windows Live Today Button
  • Remove Make a Phone Call Button
  • Remove Yellow Information Bar
  • Change Display Picture Link
  • Remove Contacts Personal Message
  • Remove Toast Display Picture
  • Remove Gleam Notification
  • Remove Advertisement
  • Add Always On Top Button
  • Remove Search Bar
  • Remove Display Picture in Sign-In Window
  • Remove Bottom Links in Sign-In Window
  • Remove Windows Live ID Branding
  • Disable MSN Spaces Contact Card Integration
  • Remove Color Button
  • Disable Song Links
  • Remove Emoticons from Nicknames
  • Remove Contact Manager Bar
    • Move Contact Manager Bar to the Bottom
    • Remove Extra Padding from the Contact Manager Bar
    • Remove "Add a Contact" Button from the Contact Manager Bar
    • Remove "Manage your Contacts" Button from the Contact Manager Bar
    • Remove Contact Search Field from the Contact Manager Bar
  • Remove Windows Live Logo
  • Remove Invite Button
  • Remove Send Files Button
  • Remove Web Cam Button
  • Remove Call Button
  • Remove Activities Button
  • Remove Games Button
  • Remove Block Button
  • Remove Color Button
  • Remove Search Button
  • Remove My Display Picture Container
  • Remove Font Button
  • Remove Emoticons Button
  • Remove Voice Clip Button
  • Remove Backgrounds Button
  • Remove Winks Button
  • Remove Packs Button
  • Remove Nudge Button
  • Remove What's Hot Section
  • Remove Formatting Toolbar Separator
  • Change Ink Tabs to Text
  • Remove Advertisement
  • Add Custom Games
  • Remove Contact's Personal Messange and E-mail (To: Bar)
  • Remove Web Cam Icon from Avatar/DP Containers
  • Remove Nudge Delay
  • Disable Nudge Shake
  • Remove Send Button
  • Add Send Button to Handwriting Tab
  • Remove Status Information Bar
  • Remove "Get a Webcam" Link
  • Add Always On Top Button
  • Remove User Is Writing Message
  • Remove Convert Tab
  • Remove "says" Text
  • Polygamy (Multi-MSN)
  • Show Idle Status
  • Shorten Status Info in Info Bar
  • Install WinAMP Plug-in for Now Playing feature
  • Remove Advertisement in Sharing Folders Window
  • Remove Billing Info Menus

Det er altså mykje å verta glad i her. Men på litt hyklersk vis inneheld A-patch sjølv reklame. Det er ikkje verre enn at reklamen er på siste side av brukargrensesnittet. Det er lenkjer til islamske nettsider. Viss du vitjar vevsidene til A-patch, vil du òg møta «Praise be to God» og andre religiøse utsegn. Eg er alltid litt skeptisk til religiøse bodskap i gratisprogram; dei inneheld ofte virus og trojanarar. Antivirusprogrammet mitt har så langt ikkje reagert på A-patch, og det har heller ikkje Ad-aware eller dei andre tryggleiksprogramma eg har liggjande. A-patch ser for meg ut som seriøst (men òg ulovleg etter brukaravtalen frå M$). Windows Live Messenger fungerer godt, og eg vert alltid glad når eg ser at vindauga er så ryddige og fine.

Viss du vil vera ulydig mot Micro$$oft, så kan du finna A-patch på apatch.org. Lukke til!

Gje innspel