«

»

Reprise

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Kva er Reprise? Eit vanskeleg spørsmål. Reprise er … tja, kva kan ein seia om ein film som Reprise? Reprise er den beste norske filmen. Punktum. De dødes tjern og Insomnia… ja, sjølv Flåklypa Grand Prix vert borte bak Reprise.

Filmen kom som eit sjokk. Variety nytta ord som «imponerande» og «elegant», og skrytte av skodespelarane (det er visstnok uvanleg når det er snakk om heilt ferske skodespelarar). Screen International skreiv at filmen er var «frenetisk» og «strålande». Rushprint hintar til ei samanlikning med den franske nye bølgen, og Stig Kulset ved NTNU tok den samanlikninga heilt ut og sa at Trier openbert kjente sin Godard. I Karlovy Vary-filmfestivalen fekk Joakim Trier regiprisen for Reprise, i tillegg til Don Quijote-prisen. I Toronto vann Reprise ein Discovery-pris. Reprise vart òg veld ut som Noregs oscarkandidat, men sidan oscarjurien ser etter heilt andre kvalitetar, gjekk filmen ikkje vidare.

Eg kan halda fram i det uendelege, men det er berre ei utsetjing av det som eg ikkje har så veldig lyst til å skriva, nemleg det korte referatet eg plar å ha med her. Reprise er nemleg ein film som vanskeleg lèt seg oppsummera i tre korte setningar. Viss du skal skriva eit rettvist handlingsreferat, så lyt du nesten berre kopiera heile manuskriptet. Styrka i filmen ligg i den uvanlege forteljarstrukturen, i bruken av ljod og bilete, måten forteljarrøysta fungerer på – alt som norsk film tidlegare har skydd som pesten av di det ikkje var gjort før (i norsk film, vel å merka). Ein sekvens som verkeleg gav meg frysningar på ryggen av godhug, var scena der Phillip og Kari treffast att. Det klippast nærmast tilfeldig mellom ein kafé og ein park, og me får aldri nokon indikasjon på om det eine hendte før det andre sidan dialogen flyter logisk framover. Dialogen held fram sjølv om karakterane stoppar å prata på lerretet. Dette er så vågalt, så rått og så vulgært at ein må lura på om Joakim Trier verkeleg er rett i hovudet. Det er ovleg flott!

Filmen handlar om Phillip og Erik, Kari, bokutgjeving, galskap, kjærleik og venskap. For abstrakt? Det lyt berre vera, eg klarer ikkje å gjeva ei verdig handlingsreferat av filmen. Dette er nemleg ikkje berre er ei visuell framstilling av ei historie, men faktisk ein film! Film er ikkje skrivne ord, men iscenesetjing, kinematografi, ljod og redigering. Du kan dimed ikkje oppsummera Reprise med få ord utan å nytta abstraktar, sidan film er abstraktar (eller bør vera … svært mange middelmåtige filmar gløymer bort at dei faktisk er filmar, og ikkje kiosklitteratur eller ei forteljing på baksida av eit sjokoladepapir).

Reprise er ein viktig film i norsk filmhistorie. Sjå han!

2 innspel

  1. Ola

    Eg tykte ikkje han var so fantastisk, kva har eg gått glipp av som ikkje skjøna dette?

  2. Simon

    Eg veit ikkje kva du gjekk glipp av. Det kjem vel kanskje an på kva du såg etter. Eg tykte til dømes at forteljinga var langdryg og nærmast keisam. Ikkje interessant, i alle fall.

    Men, som eg skreiv, er ikkje film berre forteljing. Film er klipping, ljossetting, ljodopptak og ljodforming, kulissar, kameravinklar, biletutsnitt, andletsuttrykk, målføre og mykje meir. Reprise har kanskje ikkje ei spanande forteljing, men er vågal i sjølve formverket, og dimed ein herleg film å sjå.

Gje innspel