Robot Monster

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Johohoi, her har du skikkeleg vitskapsdikting frå femtitalet. Eg elskar slike filmar. I skrivande stund er filmen på plass nummer 59 på botnlista til IMDb. Filmen vart utgjeve i 3D, og handlar om ein gorillamann med dykkarhjelm og fjernsynsantenner på hovudet, som går rundt og bles såpebobler og kamerablits for å drepa folk. Er det mogleg å få det betre?

Vesle Johnny og familien hans er blant dei siste menneska på jorda. Eit utanomjordisk vesen kom til planeten vår og gjekk systematisk til verks for å drepa alle folka her. Me var nemleg vorte for smarte, og folket på heimplaneten til dette vesenet følte at me var ein galaktisk trussel. Vesenet heita RoMan, og var av rasen ro-man frå planeten Roman. Herskaren på Roman, RoMan Great Guidance, er den einaste ro-man som kan tenkja. Resten av ro-man har ein kollektiv hjerne som tek ordrar frå RoMan Great Guidance. RoMan på jorda klarer ikkje å finna dei siste åtte menneska som er att på planeten. Johnny og familien hans har laga eit forsvarsverk rundt huset sitt som forstyrrer søkjeduppedittane til RoMan, så dei fem er trygge. Men kven kan dei tre andre vera? Korleis kan dei stoppa RoMan? Vil menneskja dø ut?

Effektane er latterleg dårlege, og replikkane treng seriøs oppussing: «I cannot – yet I must. How do you calculate that? At what point on the graph do «must» and «cannot» meet? Yet I must – but I cannot!» Dette er ei vill ferd! Og herleg, fantastisk kitsch!

Det høyrer med til historia at filmen var eit bomskot. Den floppa heilt, og regissøren gjorde aldri karriere. Ein dag plasserte regissøren ein pistol i kjeften for å taka sjølvmord, men han hadde visst stort talent for bomskot. Pistolen vart fyrt av, men han bomma! Når ein ser på Robot Monster, er dette kan henda ikkje så veldig rart, hehehe. (Huff, den var litt slem!)

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/robot-monster/