Spynorsk.net

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det er valår i år, og det er attpåtil hundreårsjubileumet til sidemålet. Det er difor all grunn til å tru at enkelte politiske parti ynskjer å sanka nokre røyster på å prata dritt om sidemålet.

Eg har oppretta vevstaden spynorsk.net. Viss du skriv bokmål, og tykkjer at sidene på spynorsk.net er dumme, så har eg fått fram poenget mitt. Det er dumt å kritisera eit skriftspråk når du eigentleg ynskjer å seia noko som opplæringsmåtane. Enkelte politiske parti har ikkje forstått dette, jamvel om dei både har nynorskbrukarar og andre fornuftige mennesker i medlemslistene deira.

Spynorsk.net er ein parodi på valkampanjar frå tidlegare år, til dømes denne flogskrifta:

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/spynorsknet/

1 comment

    • Øyvind on 5. mars 2007 at 22:34

    Huff, ja dette er pinlig for en Høyre-mann! Skulle jo tro det var FrP det var snakk om 🙂

Comments have been disabled.