«

»

Star Wars: Revelations

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Makan til hugfilm 1 skal du leita lengje etter. Shane Felux utfordra sambuaren sin ein dag: «Skriv eit fullverdig manuskript til ein hugfilm». Dawn Cowings gav ei motutfordring: «OK, men då skal du regissera filmen». Båe tok utfordringa, med ei forståing om at ingen av dei skulle gjeva seg før dei hadde eit godt produkt. Og så satte dei i gong. Då Dawn hadde skrive ferdig manuset, heiv Shane seg over kameraet. Det tok dryge to år før filmen vart ferdig – på dugnad frå alle involverte.

Ein film på dugnad, kan det verta noko serleg bra? Eg vil oppmoda deg om å finna det ut sjølv. Du kan nemleg lasta ned filmen gratis. Dette er ein visuelt fabelaktig film, til dugnad å vera i alle fall. Eg ville aldri trudd at dette var laga av ein gjeng med nerdar med kvar sin Mac. Dette ser verkeleg bra ut. Historia er derimot litt tam, og enkelte av skodespelarane viser kvifor dette ikkje kjem til å vera noko meir enn ein hugfilm. Men som hugfilm er han av ypparste kvalitet.

Filmen handlar om ein jediriddar, Taryn Anwar, som leiter etter svar på kvifor systera hennar vart drepe. Ho møter etterkvart den ubarberte Declan og venen Cade, og samans drar dei på jakt etter ein mytisk holokron.

  1. Hugfilm er eit avløysarord til det engelske «fanfilm». []

Gje innspel