«

»

Topp ti underlege tilslag på boba.no

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har ein artig statistikk her på boba.no. Med denne statistikken får eg mellom anna sjå korleis folk hamna her, og kva søkjeord dei nytta i søkjemotorane. Det er eit par tilslag eg er mildt sagt fortumla over.

#10: «simon hansen rådgiving»

Hehe. Ein dag, kan hende, men det vert i så fall rådgjeving, ikkje rådgiving. Det er gjævare å gjeva enn å giva!

#9: «løvenes konge tekster»

Eg trur eg har nemnd Løvenes Konge berre ein gong, og det var i innlegget om Quadrilogy-ordet. Kan ikkje heilt fatta kvifor nokon som søkte etter tekstar frå Løvenes Konge skulle bry seg om språkarge meg.

#8: «gaute hesthagen»

Kven er Gaute Hesthagen, og kvifor i alle dagar har nokon funne fram til boba.no med dette søkjeordet?

#7: «alle er så treige trond viggo»

Eg har sitert songteksten éin gong, og det er sikkert difor det vart treff på den. Men eg tykkjer jamvel at det er veldig festleg at nokon fann fram til min vesle tumleplass på veven på grunn av barndomshelten Trond Viggo. Ikkje mindre enn fire personar har gjort det (men med ulik formulering av søkjeorda)!

#6: «ekte R2-D2 droid kjøp»

Tja, kanskje ikkje så merkeleg eigentleg. Eg har truleg nytta orda droid, kjøp, ekte og R2-D2 fleire gongar her på veven. Eg har diverre ingen ekte droide til sals, men viss det er nokon som faktisk har det, så er eg veldig interessert i å kjøpa ein eg òg!

#5: «årstal når kom star wars filmane kom ut»

Ikkje verst! Ein nynorsking på leiting etter Star Wars. Viss nynorskleitaren framleis vil vita årstala, så er dei 1977 (Episode IV), 1978 (Holiday Special), 1980 (Episode V), 1983 (Episode VI), 1984 (Ewok Adventure), 1985 (Battle for Endor), 1997 (nyutgjeving av Episode IV til VI), 1999 (Episode I), 2002 (Episode II) og 2005 (Episode III).

#4: «simon meir»

Nei, Simon mest!

#3: «textpad "* syn"»

Denne var ganske kryptisk. Og eg stussar svært på resultatet: «Textpad – knallgodt … Salten Mållag · Syn og Segn – politisk og kulturelt tidsskrift på nynorsk …» Var det dette søkjaren var ute etter?

#2: «dvd shop movies trondheim site: no»

Hehehe, denne lo eg godt over. Norske DVD-butikkar i Nidaros plar vel til vanleg å skriva norsk, gjer dei ikkje? Det kan vera ein idé å søkja på norsk då. Eller berre gå innom Platekompaniet i Munkegata. Trass i at dei er litt dyre, så er utvalet i andreetasjen veldig kjekt.

#1: «vegard thingvoll»

Eg veit kven Thingvoll er, det var ikkje det eg tykte var artig. Det festlege er at det er over 30 søkjarar som har funne boba.no med dette søkjeordet, og at dei fleste er frå Saksland. Så difor: Willkommen, meine deutschen Gäste. Ich bin nicht Vegard Thingvoll. Mein Vorschlag: www.thingvoll.net. Eller noko sånt. Tysken min er litt rusten.

6 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Will

    Var det ingen som hadde søkt «blogg skreve av nokon som er ein del av eit desperat språkleg mindretalsom ynskjer å tvangsmessig ved lovar og reglar tvinge andre mennskjer å skriva og lesa dette mindretalet sitt sære hobbyspråk»? (He-ha)

  2. Simon

    Dei hadde neppe funne fram hit i så fall, sidan eg ikkje er ein del av eller har skrive om eit desperat språkleg mindretal som ynskjer å tvinga eit hobbyspråk på nokon.

  3. Salt

    Det er godt å høre.
    Jeg tok i grunn en Valla der, og forsøkte å mobbe deg.

  4. Odin Hørthe

    Haha. Eg lo godt av denne her! 😀 Eg hev òg slike søkjelistor. Eg tenkjer eg kjem med dei når eg hev lagt um sida mi slik ho er no. 🙂

  5. Odin Hørthe

    Hehe, bra treff på Google no:

    Boba.no: Simon seier
    Så difor: Willkommen, meine deutschen Gäste. Ich bin nicht Vegard Thingvoll. Mein Vorschlag: http://www.thingvoll.net. Eller noko sånt. Tysken min er litt rusten. …
    http://www.boba.no/vevlogg – 57k – Cached – Similar pages

  6. Simon

    Hehehe.
    Gler meg til å sjå dine tilslag, Odin.

    I dag hadde eg eit veldig artig frå Google: pupperock.

Gje innspel