V

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

OK, dette er ikkje éin film. Det er to miniseriar og ein fjernsynsserie. Ein miniserie er gjerne litt lengre enn ein film men kortare enn ein fjernsynsserie. V var tittelen på den fyrste miniserien frå 1983. V: The Final Battle er oppfølgjaren frå 1984, og var regissert av Richard T. Heffron. Johnson sjølv forlot produksjonen av den klassiske «creative differences»-årsaken. Den neste oppfølgjaren var ein fjernsynsserie med tittelen V. Den gjekk ein sesong i 1984–1985.

Men lat oss starta med starten. Det er 1983. Star Wars har endra filmverda, vitskapsdikting var attende i populærkulturen som noko stovereint som heile familien kunne lika. Fjernsynsselskapen NBC var på randen av konkurs, og fekk tilbodet om å produsera ein vitskapsdikting-miniserie av Kenneth Johnson. Det kunne dei ikkje seia nei til, og satsa på dette. Det gjorde dei rett i, for serien viste seg å verta enormt populær. Så populær at dei laga ein ny miniserie som tok opp tråden der V slutta. Men så vart fjernsynsfolka griske. Dei mjølka kua til jura datt av… fjernsynsserien vart nemleg laga utan omsyn til konseptet frå den fyrste miniserien. Den uhandgripelege kjerna – det som fekk miniserien til å klikka, magien – var heilt borte. Folk vart snøgt lei, og serien vart lagt ned etter den fyrste sesongen. Det er litt dumt, for den siste episoden ender i ein uhorveleg spennande hangande slutt («cliffhanger»). Det finst dei som har venta i over tjue år på å få vita kva som kom til å henda. Same kva, V er i alt 22 timar og 20 minutt, og kan dimed ikkje seiast å vera ein film. Eg gjer jamvel eit unnatak her, sidan V er så utruleg bra!

V (1984) er fantastisk. Det miniserien manglar i spesialeffektar, tek han igjen i eit rikt persongalleri, god historie, godt plott og ikkje minst eit veldig godt manus. Viss du høyrer nøye etter på replikkane, høyrer du at dei har eit mønster. Eg trur dette mønsteret kallast «jambisk pentameter», utan at eg skal gå så nøye inn på kva det er. Dette gjev i alle fall ein veldig god rytme, og gjer at replikkane held seg lengje. Shakespeare skreiv skodespela sine sånn, så herr Kenneth Johnson er i alle fall i godt selskap. Når du så granskar handlinga i V, ser du at dette ikkje er ein film om romvesen og den amerikanske helten som reddar dagen, men eigentleg om nazi-okkupasjonen som starta på tredvetalet. Det er mange referansar til dette, og heilskapen i historia deler mange likskapar med røynda. Enkelte karakterar er til og med basert på røynlege personar. Kristine er basert på Leni Riefenstahl, medan Diana sjølvsagt er inspirert av Adolf Hitler. Eg tykkjer dessutan at Diana òg minner svært om Ilsa frå Ilsa, She Wolf of the SS, sjølv om Diana er ein mykje betre karakter (og finare utsjånad, trass i at Ilsa nækjer seg medan Diana ikkje gjer det)!

Femti romskip kom plutseleg til jorda. «We come in peace», sa øvstekommandøren på moderskipet, og forklara kvifor dei hadde kome. Heimplaneten deira – ved stjerna Sirius – hadde store ressursmanglar, og dei håpa på å få hjelp frå jorda til å produsera viktige kjemikalium dei trengte for å overleva. Viss jordbuarane gjekk med på dette, skulle me få kunnska og teknologi attende i gåve frå Vitjarane frå Sirius; mellom anna ein endeleg kur mot kreft. Vitjarane ser ut som heilt vanlege mennesker, men har ei utanomjordisk røyst. Etter eit par månader, oppstår det plutseleg eit rykte om ein konspirasjon blant forskarar verda over om å taka over moderskipet med vald og kidnappa Vitjarane. På grunn av denne forskarkonspirasjonen, innfører Vitjarane meldeplikt for alle forskarar, og dei får større kontroll over autoritetane. Mange er skeptiske til dei, og etterkvart vert det tydeleg at folk har god grunn til å vera skeptiske. Vitjarane får meir og meir kontroll, heilt til dei mest styrer heile verda. I mellomtida har ei gruppe mennesker rotta seg i hop og danna ei fridomsrøyrsle.

V: The Final Battle manglar litt frå den fyrste miniserien, men er jamvel ikkje ille. Me følgjer fridomsrøysla vidare i kampen mot Vitjarane, og det er mange nye avsløringar som ventar. Fjernsynsserien V, derimot, feila frå fyrste episode. Og det på ekte oppfølgjar-vis! Ein vanleg feil blant dårlege oppfølgjarar, er at dei overser eller endrar eit viktig poeng frå den føregåande filmen/serien. I Alien-filmane, til dømes, var både monsteret og helten daud etter Alien 3, og det var ingen grunn til å følgja opp filmen. Jamvel klarte griske folk å få gjennom at dei skulle laga ein ny film, og dei fann på ein tåpeleg måte å få helten og monsteret attende. Det er det dummaste du kan gjera! Når du gjer noko slikt, føler sjåaren seg lurt av den førre filmen/serien, og vil dimed ikkje kunne lita på denne nye. Tenk berre på kor teit det hadde vore om Darth Vader hadde i Episode VI og sagt «Luke, I was just kidding about being your father.» Eller kor usedvanleg dumt det ville vera om nokon plutseleg fann ut at Dracula ikkje var ein vampyr, men hadde ein sjeldan blodsjukdom? Hmm… vent litt, det siste har allereie hendt – i House of Dracula. Som det heiter frå amerikanske advokatseriar: I rest my case!

Grunnen til at dette diverre vert gjort, er at studioet vil ha ei lettvint løysing, slik at produksjonen vert billig og ikkje minst snøgg. Den lette løysinga er dum. Fjernsynsserien gjer nemleg akkurat det (og «the final battle» vart plutseleg ikkje «final» meir), og den gjer det gong på gong!

I nyare tider har faktisk NBC avgjort at dei vil halda fram med V-historia. Kenneth Johnson er involvert, og det ser no ut til at det vert anten ei nyinnspeling av den fyrste miniserien eller ein oppfølgjar til denne. Spennande, spennande! Gler meg.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/v/