«

»

Dawn of the Dead

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Nyinnspeling av klassikaren åt George A. Romero.

Ragnarok er over oss. Menneskeslekta trugast av eit mystisk, dødeleg virus. Dette viruset er ikkje berre i stand til å drepa ein mann, men òg kveika liket opp att som eit hjernedaudt, kjøttetande monster; ein vandaud; ein zombie. Vert du bite av ein av desse daudvandarane, så er du dømt! Det einaste som ser ut til å hjelpa, er å plassera eit velretta skot i hovudet. Ein gjeng med overlevande søkjer tilflukt i eit kjøpesenter, og freistar å barrikadera dørene.

Denne filmen er ikkje verdt tittelen sin. Det er somme ting du ikkje skal gjera med zombie-konvensjonane, men det har ikkje regissøren fått med seg. Ein zombie er eit kveikt lik. Zombien har veik motorikk av di nervane er meir eller mindre svidd av då mennesket døydde. Syn og hørsel er stort sett dei einaste kroppsfunksjonane som er meir eller mindre intakt, men sidan immunforsvaret er daudt, rotnar kroppen snøgt. I varme, klamme strøk vil ein zombie mest opphøyra å eksistera i løpet av få dagar (men dei i kalde, tørre områdar kan «leva» i fleire år). Så kvifor fortel eg dette? Vel, av di zombiane i denne filmen er i stand til å laupa, knusa dører med hovuda sine, gripa ting med stor styrkje og røra seg svært snøgt. Det er viktig å hugsa på at ein zombie aldri kan røra seg snøggare og løfta tyngre enn mennesket zombien ein gong var – og ofte langt treigare på grunn av rotninga. Dette er grunnen til at denne filmen syg!

Viss eg skal peika på noko positivt, så var det vogntoget som raste inn i kafeen. Denne hendinga vert referert til i Night of the Living Dead frå 1968. Litt artig var det òg å sjå fraktbilane frå den opphavlege Dawn of the Dead frå 1978. Elles var filmen keisam, forutsigbar og veik. Det merkast at dette er debutfilmen til egissøren, og kanskje skulle han ha gjort noko anna, noko med litt mindre omdømme, fyrst. Hugfolk av Romero-filmen kan ikkje lika denne. Kor vart det av den politiske bodskapen? Denne nyinnspelinga er berre blod og puppar, ikkje zombiar og samfunnskritikk. Til og med komedien Shaun of the Dead klarte dette betre!

2 innspel

  1. Jamie

    Fin anmeldelse. Men jeg synes ikke du burde kalle filmen sugen bare på grunn av at zombiene løper. Jeg likte den, men ikke i nærheten så godt som Romero’s klassiker. Og det referatet. Jeg var sikker den lastebilen som krasjet inn i kafeen var det hovedrollen snakket om i Night Of The Living Dead. Kult å lese at det ikke var en tilfeldighet.

  2. Simon

    Heh. Denne omtala kladda eg ned i 2004-–2005 ein gong, og la den ut meir eller mindre uendra i 2007. Har ein uhorveleg mengde med nedkladda omtalar, og stundom legg eg dei ut. Men etterkvart som åra går, endrar kanskje eg meining eller lærer meg å skriva ting på betre vis. Hadde eg skrive denne i dag, hadde eg nok formulert meg litt annleis. Men eg held likevel på intensjonen bak denne, og tykkjer det er ein veikleik at dei attkveikte er snøggare og sterkare enn dei var då dei var i live. Det er totalt ulogisk* og idiotisk, og er berre der for å laga ein skvetteeffekt. Og, som eg skreiv, er denne filmen totalt blotta for samfunnskritikk. Alle Romero sine Dead-filmar har hatt politiske bodskap, og dei har vore metaforar for det samfunnet me lev i. Dette er noko av grunnen til at dei er så gode som dei er (i alle fall dei tre fyrste; Land of the Dead var under pari, trass i den openberre kritikken mot Bush-administrasjonen, og den seinaste har eg ikkje sett enno). Nyinnspelinga prøver ikkje ein gong å kommentera noko, den er berre ein skrekkfilm utan bodskap eller eiga røyst. Så, ja, filmen syg.

    *) For referanse, les The Zombie Survival Guide, som fortel deg alt du treng å vita om attergangarane og korleis du skal overleva dei.

Gje innspel