Du kan fortena ein Dent Xena

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Min nye favorittpastill:

Du kan fortena ein Dent Xena

Du kan fortena ein Dent Xena

Lysinga var på trykk i Motmæle 1-2007, og var klyppa frå baksida av Dagbladet. Eg har lagt farge på biletet, så du skal vita nøyaktig kva du skal sjå etter i butikken. Tobias og eg er samde med Brynhild. Alle er tente med god smak, og me tykkjer at Dent Xena smaka godt. Men det er viktig å hugsa at ei lysing er reklame, og at reklame lyg. Alle veit jo at alt er betre på nynorsk, og Dent Xena smakar best etter at du har lese denne lysinga. Men om du berre er ein forfengeleg bokmålsbrukar, så kan Dent Xena vera noko for deg lell. Dette står nemleg i ei anna lysing:

Dent Xena blir du pen av!
Dent Xena er en ny pastill med kjempegod smak. Og når noe smaker kjempegodt, smiler man. Og alle er jo mye penere når de smiler.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/du-kan-fortena-ein-dent-xena/

1 comment

  1. Einaste som plagar meg er at det stend «Nyhet!» i klistremerkeboksen. Dessutan kunne dei nytta «eit nyhende» i staden for «ei nyheit» i teksten nedanfor.

    Men denne var moro. Synd han ikkje hang på t-banen, eg såg berre bokmålsvariantane i Oslo…

Comments have been disabled.