«

»

Er det MULEG?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det er ei sørgjeleg sanning at bokmålet prøver så hardt det kan å gjera nynorsk meir bokmålsnært. Og det er ei like sørgjeleg sanning at elevar med nynorsk som sidemål heller tek i bruk dei bokmålsnære formane når dei må skriva nynorsk. Dette kallar eg språkvandalisme. Viss du spurte meg for to år sidan, så ville eg seia at dei valfrie formane i nynorsk var ein draum. No tykkjer eg dei er eit mareritt. Ingen nynorskmann med sjølvrespekt vil finna på å nytta ordet «muleg», men jamvel dukkar det opp overalt. No sist i Universitetsavisa.no.

Eg har nytta ordet sjølv ein einaste gong. Det var i ein sidemålsstil i grunnkurs (eller VG1, som det visstnok heiter no) på vidaregåande. Norsklæraren min streka under ordet med raud penn, og skreiv at dette var styggedom i margen. Jamvel er «muleg» mogleg å skriva i dag utan å få feil. Det er ei sjuk, sjuk verd me bur på. Ikkje berre er det mogleg å skriva muleg, men du kan skriva mogeleg, mogelig, moglig og til og med mulig. Er det rart bokmålselevar misliker sidemål når dei vert møtt med så mykje språkleg tullball? Det ironiske er at jamvel om det er bokmålselevane som ropar høgast om dette, så er det faktisk bokmålet sin feil! Og kva gjer nynorskelevane? Dei skriver «muleg», av di dei vert fortald at dette er lov og rett.

Ei oppmoding til alle norsklærarar: strek under «muleg» i nynorskstilar, same om det er hovudmål eller sidemål!

1 innspel

  1. Odin Hørthe

    Det kjem neppe som ei overrasking, men eg er heilt einig med deg. Me må få reinska opp i denne språklege styggedomen som er samnorsken. Det er so synd at so mykje av vonde gamle dagar heng att i vårt kjære språk. 🙁

Gje innspel