Flesh Gordon

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Då George Lucas var ung, sat han klistra føre fjernsynsskjermen kvar laurdags formiddag for å få med seg Flash Gordon. Fersk ut av filmskulen prøvde han å få retten til å filmatisera miniseriane. Det fekk han ikkje (så då laga han heller sin eigen versjon, Star Wars; kanskje like greit?). Pornoprodusentar har som kjent ingen skruplar, og det vart laga ein parodisk erotikkversjon av Flash Gordon tre-fire år etter at Lucas prøvde seg. Denne fekk tittelen Flesh Gordon (Hehehe, er det mogleg å ikkje lika syttitalsporno?).

Filmen startar med ein skjennepreken. Det er moralsk krisetilstand i heile verda, og autoritetene er rysta. Folk har faktisk sex midt på ljose dagen, kor som helst med kven som helst. Statsleiarane er fortvila, og forskarar anar ikkje kva dei kan gjera med dette stadig aukande problemet. Bortsett frå ein forskar. Ein forskar som faktisk veit kva årsaken er. Professor Gordon har nemleg oppdaga at ei mystisk stråling – ei sex-stråle – badar jorda med sitt perverse ljos. Stråla kjem frå ein planet utafor solsystemet. Den vaksne sonen til professor Gordon, den atletiske og velutstyrte Flesh Gordon, er på veg heim då flyet hans plutseleg vert råka av av sexstrålen. Med eitt er flykabinen åstaden for ein høgtflygande orgie. Alle er med, og den stakkars Flesh klarar ikkje å halda fingrane frå puppane til den søte dama i nabosetet.

Fyrst når han ser at både piloten og andrepiloten kjem ut, full av lyst, klarar Flesh å kjempa mot denne mektige parretrongen. Han tek med seg Dale Ardor, den no topplause dama frå nabosetet, og hoppar ut i fallskjerm. Flesh og Dale landar i ein aude skog, men dei finn ei hytte i nærleiken. Det viser seg at den halvgalne doktor Flexi Jerkoff, ein tidlegare arbeidskollega til pappa professor Gordon, bur i denne hytta. Jerkoff veit og om sexsstrålen, og har peila seg inn på kor han kjem frå. I den grueleg einsame tida som gjekk frå han sjølv var råka av strålen heilt aleine på hytta, har han laga eit heimesnekra romskip. Flexi, Flesh og Dale er verdas einaste von, så dei reiser av garde til den fjerne planeten for å spørja dei venleg om dei ikkje kan slå av strålen. Ferda gjennom rommet er ikkje problemfri, og det er fyrst etter ein lang og slitsam Ménage à trois at heltane kjem fram til planeten Porno. Men problema er langt i frå over. Her vert dei møtt av mellom anna monsteret Penisaurus Rex, og ikkje minst den slemme Keisar Wang den Perverse, eigaren av den mektige strålen.

Som eg insinuerte i starten, er syttitalsporno berre løye. Filmen er korkje erotisk eller pornografisk, med unnatak at damer var nakne stort sett heile tida (men dei er ganske hårate). Det dette er, er ein heilt elleville parodi med ei sinnsjuk historie, og gjer dette til ein film som er verdt å sjå. Og den makalause slutten gjev eg meg over for. Å jøye meg.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/flesh-gordon/