Fritt Vilt

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg vonar Fritt Vilt går i gløymeboka fortare enn Gammal-Erik. Dette var ein av dei dårlegaste norske filmane på lengje (og norsk film har frå før eit dårleg utgangspunkt). Eg vil gjeva dei skryt for at dei prøvde på noko nytt, men forsøket feila på alle punkt. Grunnen var at dei faktisk ikkje gjorde noko nytt, og det einaste filmen klarte, var å vera ufrivillig artig. Den «skumle» scena der Viktoria Winge vert jaga i hotell-korridorane er eit ypparleg døme på dette. Det verker som om ho støtt gløymer kor i kroppen ho skal ha vondt, og det til trass for at eit øksehogg i skulderbladet lyt vera ganske merkbart.

No vil eg ikkje klaga på Viktoria Winge. Ho var særs god i Reprise, og ho verka som å vera ein seriøs og intelligent skodespelar då eg møtte henne under Kosmorama 2007. Men i filmen Fritt Vilt verker ho litt utilpass. Trønder-pia Ingrid Bolsø Berdal var derimot ikkje så ille, men eg tykkjer at Tomas Alf Larsen leverte den beste prestasjonen her. Resten av gjengen gjorde som i dei fleste andre dårlege norske filmar: dei overspelte. Eg vart sitjande og slita meg i håret kvar gong nokon opna kjeften, for orda som kom ut minna meir om sjekkereplikkar med grim fylleånde enn filmdialog.

Eg har sett at ein rekkje filmkritikarar ynskjer å samanlikna Fritt Vilt med The Shining. Dette er meg heilt framand, og eg finner det svært merkeleg. Det er absolutt ingenting her som minner om The Shining. Filmen har derimot henta svært mykje frå filmar som Friday the 13th og Halloween, og sjølvsagt forsøkt seg på Texas Chain Saw Massacre med vaklande hell. Då eg såg Fritt Vilt, hadde eg desse filmane friskt i minnet. Allereie etter den fyrste scena med gjengen (då dei køyrer i bilen), forstod eg kva rekkjefølgje dei kom til å døy i. Etterkvart som filmen gjekk, og rollefigurene vart drepne ein etter ein, såg eg at min drapshypotese i starten stemte irriterande perfekt. Det er litt keisamt å vita handlinga så tidleg i filmen. Det er sjølvsagt lov å henta inspirasjon frå andre filmar, og visse sjangerkonvensjonar skal ein vel kanskje ikkje rokka ved, men her har filmskaparane kasta seg over alle klisjear som finst i denne typen film. Eg følte meg litt snytt. Når eg ser ein skrekkfilm, så er det for å verta overraska av drapa, ikkje for å nikka stadfestande kvar gong det hender.

Eg skulle eigentleg avslutta denne filmmeldinga med «Mi oppmoding: styr unna! Det finst mange så mykje betre filmar der ungdom vert slakta», men eg vil vera litt snillare. Fritt Vilt inneheld nemleg god dialektbruk. I somme filmar er dialekt eit poeng, medan i andre er det ikkje det. Der dialekt er eit poeng, er det ofte at dei som talar ei ikkje-bokmålsnære dialekter er rare (Lange Flate Ballær, norsk versjon av Istid-filmane o.l.). Dette er stygg dialektbruk. Fritt Vilt er ein film der dialekt ikkje er eit poeng, og til vanleg vil slike filmar berre innehalda bokmålsnære dialekter. Og det er nett her Fritt Vilt er annleis. Her er det nemleg flust med dialekter. Her skarra dei på r-ane, palataliserte ljodar sat laust og l-ane var smellfeite. Og alt dette heilt utan forsøk på å latterleggjera dialektene. Hovudrolla prata trønder, ein Otta-kar hjala i Jotunheimen, og to siddisar stod for skarringa. Stakkars Winge er den einaste som pratar «vanleg filmnorsk», altså bokmålsnært (men i røynda veit me jo at «vanleg norsk» slettest ikkje liknar på bokmål, sidan det er mykje meir vanleg med dialekar enn talemålsnormering). Eg oppmodar difor alle om å stø filmen på grunn av dialektbruken. Men eg tilrår han altså ikkje på kvaliteten.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/fritt-vilt/