Jaws: The Revenge

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Så har eg endeleg kome fram til den fjerde og siste filmen i Jaws-serien. Den fyrste Jaws ligg i skrivande stund på plass nummer 86 på IMDb. Jaws: The Revenge ligg faktisk på plass nummer 84.På botn-lista, riktignok. Og elendet startar allereie med slagordet på filmplakaten: «This time… it’s personal».

Me er attende i det vesle øysamfunnet Amity. Det er jol. Sean, som no er politisjef ved staden, får eit oppdrag om å fjerna ein treplanke som har festa seg på ei bøye rett utfor kaia. Heime held mora, no enkefrue etter at Martin Brody døydde av hjartesvikt (etter eit haiåtak?), på med joletreet. Akkurat då kjem det ein gigantisk kvithai inn til Amity atter ein gong, og Sean vert ete opp. Storebror Mike kjem heim for å vera med på gravferda, og får då med seg mora til Bahamas, kor han no bur. Mora er vorte overtruisk, og meiner at haien er ute etter Brody-familien. Dei har trass alt drepe tre-fire mordar-kvithaiar i dei førre filmane! I Bahamas er vatnet så varmt at det ikkje finst kvithaiar der, så Mike er ganske så sikker på at haien ikkje kjem dit. Han er òg heilt sikker på at mora berre fantaserer, for kven har vel høyrt om haiar som tek ting personleg? Det skal faktisk visa seg at haien jamvel kjem til Bahamas, trass i at det er varmt i vatnet og at han umogleg kunne vita kor Brody-familien var.

Som de ser, gjekk det over stokk og stein her. Denne haien er djevelen sjølv. Haien i Jaws 2 åt eit helikopter, men det var eit lite einmannshelikopter ikkje større enn ein liten varebil. I denne filmen, derimot, et haien eit digert fly (!) og eit digert skip utan problem. Berre dette er sprøtt, men at haien i det heile følgjer etter Ellen og Mike Brody er så heilt villt at det vert tåpeleg. Likevel må eg taka filmen i forsvar, og seia at eg veit om mange andre filmar som heller kunne ha hatt plass nummer 84 på botnlista til IMDb. Filmen er ikkje god, å nei, det er rett å nytta ordet dårleg her. Men verdas 84. verste film?

Same kva, denne fjerde filmen om mordarkvithaiar er ikkje verdt speletida si. Ta heller eit gjensyn med den opphavlege Spielberg-filmen.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/jaws-the-revenge/