Mój Nikifor

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Kosmorama 2006 hadde denne polske filmen på programmet. Filmen handla kunstnaren Nikifor Krynicki.

Kunstmålaren Marian Wlosinski får ein dag vitjing av ein frammand, smågalen gammal kar i studioet sitt. Karen, Nikifor, pratar om seg sjølv i tredje person, og har ikkje eit stort ordtilfang. Marian lèt honom vera til å byrja med, men etterkvart tykkjer familien hans at Nikifor trengjer seg på. Marian utvikler eit elsk-hat-forhold. Nikifor er ein brilliant kunstnar, men det er ei stor påkjenning å ha med honom å gjera.

Filmen er eit truverdig bilete sekstitalets Polen. Me er med Nikifor dei åtte siste åra av livet hans. Du kan ikkje unngå å verta glad i den vesle mannen, der du er vitne til både oppturar og nedturar. Ein veldig god film.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/moj-nikifor/