Oldboy

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eksamensoppgåva mi i fjor var å drøfta innfallsvinklar til Oldboy, og trekkja inn filmteoretiske og filmhistoriske perspektiv. Dette var det fyrste møtet mitt med den filmen. Og møtet var smertefullt.

Oh-dae Su står i regnet ein sein og fuktig kveld (alkohol, altså, ikkje regn). Heilt utan vidare vert han kidnappa, og vert halda som fange. Hans einaste kontakt med utanomverda er den daglege posjonen med mat han får under døra. Han lærer òg mykje frå fjernsynet – både kampsport, (u)nyttig fakta om sushi, og at kona hans er drepen og at det er han som er hovudmistenkt. Han får aldri vita kven det er som held honom fanga eller kvifor. Så, etter femten år, vaknar han plutseleg opp på toppen av ein skyskrapar med pene, nye klede på seg. Forvirringa er stor når han vandrar rundt i gatene. Og det vert ikkje likare då ein heimlaus kar kjem med ei stappfull pengebok og ein mobiltelefon. Mat! Han vil kjøpa seg ein deilig middag, for fyrste gong på femten år, og går til nærmaste sushi-restaurant. Der treff han den søte kokken Mi-do, som vil hjelpa honom å finna ut av kva som har hendt. Hat! Han vil hemna seg på dei som kidnappa honom. Men den nye mobiltelefonen hans ringer, og han får vita at han har berre fem dagar på seg. Elles vil kidnapparen drepa Mi-do og alle andre i livet hans. Klarar Oh-dae Su å løysa gåta innan dei fem dagane er over, lova kidnapparen å taka sitt eiga liv.

Filmen vert samanlikna med Kill Bill av Quentin Tarantino på grunn av hemnmotivet og valdsbruken. Men alle kjeldene som gjer denne samanlikninga, påpeiker at Kill Bill berre vert ein bleik kopi. Valden i Oldboy er særs nærtgåande og gjennomtrengjande, sjølv om scenene aldri er veldig grafiske scener. Det er særskilt ei scene som kjennast heilt nedi ryggmargen. Dette er ei scene der Oh-dae Su skal til å trekkja ut tennene til ein fyr med ein hammar. Scena var akkompagnert med Vinter (frå Dei fire årstidene av Vivaldi), noko som forsterkar opplevinga ved hjelp av ironi.

Elles var det ein del ting i filmen som gjorde at tilskodaren fekk ei ubehageleg rolle. Du kan samanlikna det med A Clockwork Orange der du anten må godtaka det totalitære samfunnet eller la Alex få valdtaka og herja som han vil. Trass i at valdtekt er moralsk forkasteleg, så kan du ikkje godtaka det totalitære samfunnet i denne situasjonen. Når du ser filmen, ynskjer du faktisk at Alex skal få valdtaka damer og jula opp gubbar, og det er nettopp dette som gjer filmen så ubehageleg. Oldboy inneheld òg eit slikt dilemma.

Men det som slår deg mest i filmen, er hemnmotivet. Dette er to timer med hat. Rått, smertefullt, rasande hat. Valden som fulgte raseriet var noko av det mest realistiske eg har sett på film. Her får rollefigurane vondt når dei slår, og vert slitne av slosskampene. Etter slaga må såra pleiast. Men valden framstår som heilt vonlaust.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/oldboy/