Open Transport Tycoon

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har prøvd mangt eit dataspel i mine elleville barne- og ungdomsår. Merk at eg nyttar verbet prøva. Dette kjem av at eg ikkje har vore ein sånn spelegut som sat og spelte dagen lang. Rett nok hadde eg ein SpeleGut av den gode gamle sorten, men det var ikkje rare spela på den. Klassikaren Tetris hadde eg. Og eit liknande konsept var Dr. Mario (berre med bakteriar og piller i staden for byggjeklossar i frittfall). Alle i gata hadde ein SpeleGut. Alle i gata hadde òg Super Nintento (og ein gut hadde til og med Sega Mega Drive) med tjue-tredve spel. Eg hadde ein Atari med to spel. Eg vart altså aldri hekta på dataspel, men prøvde dei ut. Favoritten var Donkey Kong hjå ein kompis i gata nedafor, men Super Mario World var jo òg ganske festleg.

I seinare alder vart det dataspel. Eg har prøvd både Counter-Strike og Star Craft. Eg har prøvd Star Wars Lego og Simon the Sorcerer 2. Max Payne skulle visstnok vera det beste av det beste, men eg tykte det var utruleg keisamt då eg prøvde dette. Unreal Tournament hadde litt underhaldningsverdi dei fyrste to timane. Red Alert 2, derimot, er eit spel eg aldri vart lei av. Riktig nok av di eg ikkje spelte det lengje nok til å verta lei. Men det spelet … eller, det er vel eigentleg fleirtal … dei spela eg ikkje berre har prøvd, men faktisk spelt om att og om att, er Jedi Knight-serien. Eg elskar dei. Kyle Katarn er så tøff, at han tek kaffien sin utan mjølk, sukker og vatn. Han Solo kastar ut lasten sin med det same han ser ein Imperisk stjernekryssar. Det Imperiske stjernekryssaren kastar ut lasten sin med det same dei ser Kyle Katarn!

Forutan Jedi Knight-serien, der du vil skjøna at Universet utvider seg av di det er redd for å vera nært Kyle Katarn, så er Transport Tycoon spelet eg liker mest. Og det er dette denne posten eigentleg handlar om – ikkje at Kyle Katarn er så tøff at livsmottoet til Chuck Norris er «Kva ville Kyle Katarn ha gjort?» – men at Transport Tycoon er skikkeleg artig tidsfordriv.

Transport Tycoon er eit lett spel. Du stiftar eit transportselskap, og skal driva det. Det er om å gjera å tena mest mogleg pengar på å byggja vegar, togbaner og flyplassar, og frakta passasjerar, kol, jarn, stål, kyr, korn, tømmer, gods, pengar, olje og så bortetter rundt. Olje skal til eit oljeraffineri, og tømmer skal til eit sagbruk, logisk nok. Du tenar mest viss du fraktar lasta di lengst mogleg på kortast mogleg tid, så viss sagbruket ligg heilt på andre sida av kartet frå skogen, så vil neppe tømmerbilar løna seg. Tog går snøgt. Og etterkvart som åra går, vil toga verta kraftigare og snøggare. Artig.

I februar kom eg over eit spel som heiter Open Transport Tycoon, som er ein gratis klone av det klassiske spelet. I tillegg til å ha kopiert spelekjensla, har OTT mange kjekke funksjonar som det opphavlege spelet ikkje hadde. OTT gjer at Transport Tycoon er endå artigare enn før.

Det aller beste med denne nye versjonen har eg spara til sist. Spelet er på nynorsk! Dette er skikkeleg staseleg, og eg vonar både du og venene dine lastar det ned. Med ein gong. Du finn spelet på www.openttd.org.

Merk: for å kunne nytta spelet, må du ha dei opphavlege grafikkfilene (3,2 mb):

  • data/sample.cat
  • data/trg1r.grf
  • data/trgcr.grf
  • data/trghr.grf
  • data/trgir.grf
  • data/trgtr.grf

Viss du ynskjer musikk, må du òg ha dei opphavlege musikkfilene (281 kb):

  • gm/gm_tt00.gm
  • gm/gm_tt01.gm
  • […]
  • gm/gm_tt21.gm

Open Transport Tycoon

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/open-transport-tycoon/

3 comments

  1. Her på Ping sit 50% av personane å speler dette spelet 50% av tidi. Eg gidd ikkje starta ein gong, det ser farleg lett ut å verta avhengig… :S

  2. Og, ja, eg ser skriveleif. Men eg kann ikkje fiksa det slik eg kann på eigen blogg :s

    • Simon on 15. april 2010 at 15:09
      Author

    OpenTTD er komen ut i versjon 1.0.0 no. Gratulerer! Last ned frå http://www.openttd.org

Comments have been disabled.