Riget

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Riget er ein dansk serie… nei, to miniseriar. Båe miniseriane er på fire episodar, og serie to held fram der serie ein slapp. Dei vert ofte vist som ein samanhengjande miniserie på åtte episodar.

Riget er herleg. Den mørke og ironiske humoren i serien får stadig innslag av rein skrekk, såpeoperaintrigar i kjent Akutten-/[set inn tittel på anna sjukehussåpe her]-stil, komedie og tragedie. Det er ei vill ferd inn i det forskrudde hovudet til den galne von Trier. Jau, Trier er galen. Fyren går på medikamentet fluoksetin (merkevara fontex og prozac er kanskje betre kjente namn). Dessutan må du nesten vera litt galen for å kunne skriva og regissera dette. Riget er ein syretripp, komplett med klaustrofobi, valdsame humørsvingningar og ikkje minst hendingar hinsides den røynlege verda!

Møt den svenske overlækjaren Stig Helmer. Ryktet seier at han har gjort så mange lækjartabbar ved sin førre arbeidsplass at ingen sjukehus i Sverige vil hyra honom. Han er difor kome heilt til Danmark, og står no på taket av det danske rikshospitalet – populært kalt Riket – og brøler «DANSKJÄVLAR!» Han har nett operert ei lita jente på tolv-tretten år, og operasjonen førte til ein permanent hjerneskade. Men Helmer er ikkje redd for saksøkingstruslane mora kjem med, for han har jo operert i mange hjerner gjennom karriera si – denne «hjärnadöde snorrungen» er ikkje den fyrste, som han sjølv seier. Men kvifor er han då så ivrig på å kvitta seg med operasjonsrapporten?

I korridorane på rikshospitalet ser me støtt Sigrid Drusse, ei ganske allminneleg gammel kvinne med godhug til det okkulte. Ho trur på skrømt, men har aldri møtt eit. Sonen hennar arbeider på Riket, og ho speler sjuk for å verta innlagt slik at ho kan halda seanser for dødspasientane der. Ho er no på veg opp til nevrologisk instistutt på grunn av sin nye «sjukdom», og sit i ei sjukeseng i heisen. Heissjakta kjennast kald og mørk ut, og over henne kan fru Drusse høyra ei lita jente gråte. Ein lita daud jente!

Fru Drusse og doktor Helmer er berre to av mange heilt fantastiske karakterar me møter: Obdusenten som vil sy inn ei kreftfylt nyre i seg sjølv i «Videnskabens navn», reservelækjaren Krogshøj som bur i kjellaren på Riket, dei to downs-oppvaskarane som veit alt, den søte sjukepleiarstudenten som ikkje tåler synet av blod (men som elskar groteske splatterfilmar), spilloppmakaren Mogge som forsøker å koma under lækjefrakken og inn i trusa til den fagre og langt eldre søvnforskaren, og så bortetter.

Riget er noko med det skumlaste, artigaste, tristaste, og mest spennande eg har sett, og Riget II går endå lengre. Skrømta er fleire, intrigane er verre, det er meir blod, meir sex, meir ustødig kamerabruk, meir hoppande klipperytme – ja, meir av alt rett og slett. Og du kjem til å pissa deg ut av spenning mot slutten, berre for å finna ut at det aldri tek slutt! Trier hadde planlagt ein miniserie nummer tre for å konkludere det heile, men Ernst-Hugo Järegård, Stig Helmer i seriane, døydde før han rakk det. Kirsten Rolffes har òg gått bort, så det kjem neppe nokon konklusjon på miniserien.

Stephen King leigde Riget ein dag, og vart så facinert at han kjøpte retten til å laga ein amerikansk fjernsynsserie av den fyrste miniserien. Fjernsynsserien heiter Kingdom Hospital, og kom ut på DVD her i haust.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/04/riget/